1. Norsk landbruk gir mat på bordet. Kjøt, mjølk, egg og plantevekstar frå det norske landbruket står for om lag halvparten av maten vi et i Noreg.
  2. Norsk landbruk gjer at du veit kva du et. Norsk mat held høg kvalitet og blir produsert på ein måte som tar omsyn til naturen og dyra. Det er strenge kvalitetskrav til norsk landbruk og matindustri. Vegen frå bonde til forbrukar er kort og oversiktleg.
  3. Norsk landbruk er i verdstoppen på dyrehelse. Vi brukar minst antibiotika i Europa, og har svært få tilfelle av dyresjukdommar og smittestoff som kan smitte frå dyr til menneske.
  4. Norsk landbruk har lågt forbruk av plantevernmiddel. Det kalde klimaet vårt bidrar til god plantehelse og minskar behovet for plantevernmiddel. Saman med eit strengt regelverk for bruk av slike stoff er resultatet rein frukt og reine grønsaker, og det lågaste forbruket av plantevernmiddel i Europa.
  5. Norsk landbruk bidrar til levande lokalsamfunn over heile landet. Matproduksjon skjer der jorda ligg, og gjer at vi har busetting i alle delar av Noreg. Landbruket og bonden gir vekst og bidrar til aktivitet i små og store lokalsamfunn.
  6. Norsk landbruk skapar vekst og verdiskaping. Kvar tiande bedrift i Noreg er eit gardsbruk. Det er 90 000 arbeidsplassar i verdikjeda for mat. Matindustrien er landets største fastlandsindustri med omsetning på om lag 156 milliardar kroner årleg.
  7. Norsk landbruk sørger for eit ope og levande landskap. Planteproduksjon og husdyr gir et ope kulturlandskap. Beitedyr bidrar også til å oppretthalde eit biologisk mangfald i naturen.
  8. Norsk landbruk bidrar til den globale matproduksjonen. Verdas folketal aukar og vi står overfor stadig større klimautfordringar som vil skape problem for verdas samla matproduksjon. Då er det spesielt viktig med ein sterk nasjonal matproduksjon.
  9. Norsk landbruk garanterer matforsyning i krisetider. Nasjonal matproduksjon og kunnskap om korleis vi brukar jorda, er eit viktig sikkerheitsnett i krisetider. Norsk landbruk er avgjerande for beredskap og sjølvforsyning dersom det oppstår kriser som hindrar import av mat.
  10. Norsk landbruk er ei viktig framtidsnæring. Landbruket med sine fornybare råvarer vil vere ein sentral bidragsytar til å løyse klimautfordringane og til ein grønare økonomi i framtida.

Stem på dei partia som vil vidareutvikle desse kvalitetane ved norsk landbruk, på kort og lang sikt. Skillelinjene i landbrukspolitikken er store, og på våre val-sider kan du lese om kvar dei ulike partia står i ulike landbrukspolitiske spørsmål.