Statssekretær på beitebefaring

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Fekk sjå rovdyrtap i prioritert beiteområde i Hedmark.

Statsekretær Lars A. Lunde på befaring med Løten og Vang beitelag. Foto: Kari Anne Kaxrud Wilberg, Norsk Sau og Geit- Eg trur at følget frå departementet og Fylkesmannen fekk eit veldig godt innblikk i korleis sauebonden har det, og kor håplaust det er, seier styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner.

Frogner deltok på befaringa i Løten og Vang beitelag sist veke, dit statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet (KLD) var invitert for å sjå korleis det er å drive med sau i eit beiteprioritert område med store rovdyrtap.

Ønsker førebyggande uttak

- Det var viktig for næringa å få vist fram korleis verkelegheita er i eit beiteprioritert område. Lunde fekk sjå dokumentasjon på korleis skadetala har auka etter at rovdyra kom tilbake til området, og desse skadetala har dei siste åra vore uakseptabelt høge, seier Frogner.

- Løten og Vang beitelag har gjort alt riktig for å unngå rovdyrtap, men no fekk statssekretæren klar melding om at det einaste som vil hjelpe er førebyggande uttak av rovdyr i desse områda. Dette er gode beite der det er potensiale til å ha langt fleire sauar dersom rovdyrproblematikken blir løyst.

Statsekretær Lars Andreas Lunde og resten av følget fekk sjølv vere med ut i felten og sjå korleis sauebøndene jobbar. Dei fekk prøve å notere ørenummer på sau og prøve å finne att sau med radiosender. På den måten fekk beitelaget vist fram kor vanskeleg det kan vere å finne kadaver.

Statssekretær i KLD, Lars A. Lunde og Ulf Skårholen i Løten og Vang beitelag

- Gjer inntrykk

Lunde kunne ikkje gje nokon klare lovnader til næringa, men Einar Frogner i Norges Bondelag trur at det var eit nyttig besøk.

- Eit sånt møte med verkelegheita i næringa gjer inntrykk sjølv på oss som kjenner godt til problematikken. Eg håpar også at det gjorde inntrykk på statssekretæren. Beitelaget gav tydeleg melding om at no må ting skje raskt, viss ikkje er heile beitenæringa i Løten og Vang truga, avsluttar Einar Frogner.

Representantar frå Fylkesmannen i Hedmark og fleire lokalpolitikarar deltok også på befaringa. Det var Norsk Sau og Geit, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag som hadde invitert statssekretæren til Hedmark.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere