Statsbudsjettet: Inga satsing på MRSA-tiltak

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Løyvingane står ikkje i stil til dei uttalte ambisjonane, meiner Norges Bondelag.

Norsk landbruk har høge ambisjonar om eit MRSA-fritt svinehald, og det er også ein ambisjon regjeringa deler. Derfor er det skuffande å lese regjeringas prioriteringar på feltet i årets statsbudsjett.

10 millionar kroner er sett av til forsking på antibiotikaresistens, mens løyvingane til erstatning til dei som må sanere besetningane sine ved MRSA-smitte,  ikkje er auka.

Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag- Regjeringa har høge ambisjoner om ei MRSA-fri svinenæring. Eg er skuffa over at ambisjonane ikkje er moglege å sjå att i løyvingane som er gitt, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Han er glad for at regjeringa vil auke kunnskapen om antibiotikaresistens, men det er ikkje nok, meiner Skorge.

- Kostnadane ved å fjerne MRSA frå svinehaldet er det framleis bøndene som tar. Slik kan det ikkje vere, når dette er ein jobb bonden gjer av omsyn til folkehelsa.

Best i klassen, men bonden betaler

Noreg er det einaste landet som har lukkast med ein strategi om å halde MRSA-smitte ute av svinehaldet, og dette er noko landbruksminister Jon Georg Dale har fronta i møte med utanlandske kollegaer. Fleire representantar for landbruket i andre europeiske land har besøkt Noreg for å lære om korleis vi jobbar med denne problematikken.

- Dersom norske bønder framleis skal dette ansvaret av omsyn til folkehelsa, må den offentlege kompensasjonen for produksjonstap og sanering aukast ytterlegare. Det blir ikkje tilstrekkelig dekka av forsikringa til den enkelte bonde, slik det blir hevda i statsbudsjettet, seier Per Skorge.

Heller ikkje i budsjettet frå Helse- og omsorgsdepartementet er det løyva store summar til å nedkjempe antibiotikaresistente bakteriar. Berre 6 millionar kroner er sett av til formålet.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere