- Eg forventar at regjeringa står opp for norske interesser i forhandlingar, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, då han deltok på høyring om Stortingsmelding om globalisering og handel i Utanriks- og forsvarskomiteen i ettermiddag.

I meldinga som regjeringa la fram i år, anerkjenner dei at det er eit behov for å beskytte norsk landbruk, og at regjeringa ønskjer å oppretthalde eit handlingsrom som kompensasjon for ulemper ved norsk produksjon.

Svekking av importvernet vil ramme hardt

Lars Petter Bartnes i Stortinget torsdag ettermiddag. - Alt dette er bra. Men regjeringa seier også at dei vil arbeidet for ein friare handel med landbruksvarer. Det heng ikkje i hop, sa Lars Petter Bartnes.

- Importvernet er ein bærebjelke i norsk landbruk. Stortinget har vedtatt å auke norsk matproduksjon, og importvernet er eit av dei viktigaste virkemidla for å nå dette målet, understreka Bartnes.

Næringspolitisk sjef i Norske Felleskjøp, Ole Nikolai Skulberg la også vekt på dette i si innleiing til komiteen.

- Sjølv dei største bruka i dei mest sentrale områda av Noreg vil ikkje kunne vere konkurransekraftige med eit svekka importvern, sa Skulberg.

Krev konsekvensanalyse av eksportstøttebortfall

Det er ikkje berre reduksjon på tollsatsar som vil få store konsekvensar for norsk landbruk. Norges Bondelag og dei andre organisasjonene fekk tre minutt kvar til å leggje fram synet sitt på globaliseringsmeldinga. Lars Petter Bartnes nytta tida til også å snakke om konsekvensane av regjeringa sitt framlegg om å kutte eksportstøtta til Jarlsbeg.

- Dette framlegget vil ramme norske mjølkeproduksjon hardt. 9 prosent av norsk mjølkeproduksjon vil bli overflødig og 300.000 dekar grovfôrareal kan bli tatt ut av produksjon, sa Lars Petter Bartnes.

Han bad om at det blir gjennomført ein skikkeleg konsekvensanalyse av framlegget før det blir jobba vidare med det.

- Norsk landbruk er inga særinteresse. I dag skaper næringa 90 000 arbeidsplassar over heile landet og omset for 140 milliardar kroner årleg. Vi er ei viktig næring for framtida, understreka leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes overfor Utanriks- og forsvarskomiteen.