Spørsmål og svar om kompetansekravet

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Her har vi samla nokre av spørsmåla vi har fått om kompetansekravet. Kanskje får du svar på noko også du lurer på?

Kva går forslaget om kompetansekrav ut på?

Fleirtalet i rekrutteringsutvalet tilrår at det blir etablert eit kompetansekrav for å drive landbruk, tilsvarande 3-årig vidaregåande naturbruksutdanning som gir agronomtittel, eller vaksenagronomutdanning. Utvalet meiner at kravet ikkje bør få tilbakeverkande kraft. Det vil altså seie at det ikkje skal gjelde dei som allereie driv gard i dag.

Kven har foreslått å innføre eit kompetansekrav?

Etter jordbruksforhandlingane i 2014 sette Landbruks- og matdepartementet ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på rekruttering til landbruket. Dei fekk spesielt i oppgåve å utgreie eit kompetansekrav. Då denne gruppa la fram rapporten sin i januar i år, anbefalte eit fleirtal i gruppa å innføre eit kompetansekrav. Det var berre representantane frå FrP og Landbruks- og matdepartementet som ikkje stilte seg bak dette.

Utvalet har bestått av ulike aktørar frå landbruksnæringa, Innovasjon Norge, Landbruks- og matdepartementet og regionale styresmakter. Representantar frå næringa har vore Brita Skallerud, 2. nestleiar i Norges Bondelag, Therese Rudi frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Tor Jacob Solberg, kåra til Årets Unge Bonde i 2014. Utvalet har vore leia av administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap, Anne Kathrine Slungård.

Når blir kompetansekravet innført?

Det er ikkje sett ein dato for når kompetansekravet skal bli innført og det er heller ikkje sikkert at det blir innført. Først må landbruks- og  matministeren vurdere om han vil gå vidare med det. Forslaget frå fleirtalet i gruppe er å setje i gang ei fagleg utgreiing som skal vurdere det kva eit kompetansekrav skal innehalde, korleis det skal organiserast og gjennomførast. Gruppa har tenkt at denne utgreiinga skal vere ferdig til jordbruksoppgjeret 2017.

Kven gjeld kompetansekravet for?

Kompetansekravet gjeld for dei som skal inn i næringa, altså nye bønder. Kompetansekravet skal ikkje ha tilbakeverkande kraft. Det betyr at du som allereie er bonde ikkje treng å setje deg på skolebenken igjen. Det er ikkje tatt stilling til om kravet skal gjelde for den som eig garden  eller for den som driv produksjonen på garden, for eksempel ein forpaktar.


Må eg slutte i jobben og begynne på vidaregående skole igjen?

Det er det ingen som må. Dersom du er i ein annan jobb i dag og skal gå inn i landbruket, kan du ta vaksenagronomutdanning. Det er eit deltidsstudium som i dag finnest i alle fylka utanom Møre og Romsdal.

Kva er vaksenagronomutdanning og kvar kan eg ta det?

Du får i dag tilbod om vaksenagronomutdanning i 18 av 19 fylke.  Vaksenagronomutdanninga er tilpassa folk som er over 25 år og i jobb, og er lagt opp som deltidsstudium med helgesamlingar og internettstudie over to år. Du kan komme inn både med formal- og realkompetanse. Formalkompetanse vil seie vitnemål frå tidlegare skolegang, mens realkompetanse er det du har lært gjennom praktisk arbeid.

Må eg ta allmennfag som norsk, engelsk og matematikk for å få vere bonde?

Det må du ikkje. Dersom du allereie er bonde, vil ikkje kompetansekravet gjelde for deg. Om du skal søkje deg inn på vaksenagronomutdanning treng du heller ikkje vise til tidlegare skolegang, dersom du har relevant realkompetanse frå landbruket.

Kvifor meiner næringa at eit kompetansekrav er ein fordel for landbruket?

Utvalet som har foreslått å innføre eit kompetansekrav peikar blant anna på at agronomisk kompetanse har godt effekt på lønsemnda, utviklinga og utnyttinga av ressursane på garden. Norges Bondelag meiner også at ei næring som blir assosiert med høgt kunnskapsnivå og gode moglegheiter for kompetanseutvikling, også vil få eit godt omdømme. Det kan også sikre at forbrukaren framleis har tillit til at norsk mat er trygg og god.

Alle norske bøndene har ein enorm realkompetanse og fleire har også tradisjonell agronomutdanning. Men færre og færre tar agonomutdanning, og på denne måten vil ein sikre at også framtidige bønder får eit god kunnskapsgrunnlag før dei går inn i gardsdrifta.  Det vil gje nye bønder ein god start, og gjere jobben som bonde enklare.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere