Smalhans: Bøndene må sette bort kyra
- Kua har ikkje vore mjelka idag, så no ventar ho bare på Synnøve, var meldinga frå bøndene i Omvikdalen og Uskedalen.
Bøndene plasserte ei ku utafor rådhuset i Kvinnherad.
Over heile landet aksjonerar bøndene, med slagord som "Regjeringa har det mest i kjeften - gapet aukar". I Kvinnherad plasserte dei lokale bondelaga ei ku utafor rådhuset, med melding om dei ikkkje lenger har råd til å fø på ho.
I Hordaland er bøndene i gong med førebuing og gjennomføring av aksjonar, det er bare å følgje med!
Les meir om kua og aksjonen på tv2.no