Det er mange som er opptatt av kva slags rolle rolle landbruket skal ta for å tilpasse seg nye klima- og miljøkrav, og redusere kutt. For å imøtekomme krava, må driftsapparatet bli fornya, og det krev investeringar i både jord og bygningar. For å gjennomføre desse løfta trengst det nye verkemiddel, og Norges Bondelag har utvikla eit forslag om eit klimafond for landbruket som vi ber regjeringa innføre i statsbudsjettet for 2018.

Enkelt for bonden og staten

Norges Bondelag er opptatt av å utforme eit klimafond for jordbruket på enklast mogleg måte, slik at investeringane blir eit spleiselag mellom bonden og staten.

Vi foreslår at sjølve avsettinga bør gjennomførast som ei rekneskapsteknisk avsetting, Dette gir bonden moglegheit til å reservere delar av overskotet i føretaket. Når denne avsettinga seinare blir nytta til investeringar i klimatiltak, vil bonden oppnå ein skattefordel på til dømes 85 prosent.

Kan også dekke variasjon i inntektsnivå

For å sikre at klimafondsordninga blir brukt på gode, målretta tiltak, må aktuelle investeringstiltaka blir definert på førehand. Sentrale tiltak er blant anna drenering, biogass, lagring av husdyrgjødsel og driftsbygningar i tre. Etterkvart som det blir bygd opp meir kunnskap om nye klimatiltak i landbruket, må også fleire av desse tiltaka kunne utløyse skattefordelar.

Klimaendringane vil også føre til større årleg variasjon i produksjon og inntektsnivå. Ei fondsordning vil også kunne fungere som ei utjamningsordning mellom år. For å hindre langvarig «innlåsing» kan det stillast krav til at dei midla som er sett av, må brukast innan 4-5 år. Viss ikkje må beløpe førast som inntekt i rekneskapen.

Døme på korleis fondsordninga kan fungere:

Ein bonde vel i år 1 å reservere kr 100.000 av årets overskot til sitt «klimafond». 

- I år 1 medfører dette at skattbart overskot blir kr 100.000 lågare.

- I år 2 får han ein ekstra kostnad til grøfting på kr 100.000. På same tid posterer han til inntekt ei tilsvarande overføring frå ”rekneskapskontoen Klimafond”. 

- Sidan formålet er innafor dei tiltaka som gir rett til skattefordel (her 85 %), medfører dette i realiteten kun ei inntekt på kr 15.000 (investering på kr 100.000 – skattefordel på kr 85.000).

Regjeringa var for eit klimafond, har snudd

Regjeringa har også opna opp for ei fondsordning i jordbruket etter modell av skogbruket, og det står i regjeringserklæringa. Då næringskomiteen på Stortinget behandla jordbruksmeldinga i vår, etterlyste dei også ei slik fondsordning for å sikre investeringar og klimatiltak. Likevel konkluderer regjeringa med at dei ikkje ønskjer å leggje fram ei slik ordning i statsbudsjettet for 2018.