Tanya Robbins fann fort tonen med mjølkebonde Torill Midtkandal då ho besøkte henne på garden i Stryn.

- Å møte kvinner som arva gardsbruket sitt var fantastisk. Eg vart veldig imponert over gardane deira, og visjonane for framtida, seier Tanya Robbins.

Den britiske sauebonden har fått stipend for å skrive om kreative kvinner i landbruket i ulike deler av verda. Ho las om den norske odelslova som gir kvinner like rettar som menn til å ta over garden. Saman med den høge kvinneandelen i regjeringa, gjorde dette utslaget for at ho plukka ut Noreg som eit av studieobjekta sine.

- For å førebu intervjua forska eg på kvinner i landbruket rundt om i verda, og bestemte meg for å besøke Irland, Noreg, Uganda og India, seier Tanya.

Flaks med årsmøtet

Tilfeldigvis var ho i Noreg akkurat same veka som årsmøtet i Norges Bondelag i Loen.

- Tenk sånn flaks eg hadde, seier Tanya. Ho ba pent om å få kome, og nytta det eine døgnet godt til å treffe bønder frå heile landet. Både leiar i Bygdekvinnelaget, Katrine Kleveland, avtroppande nestleiar Berit Hundåla, Askeladdvinnar Stine Marie Bjørnstad, Lise T. Mohr  og leiar i Sau og geit, Tone Vaag vart intervjua utover den lyse sommarnatta i Loen. Dagen etter besøkte ho mjølkebonde Torill Midtkandal.

Medan ho var i Noreg intervjua ho også forskar Marit Haugen ved Senter for bygdeforsking og Tove Andersen som har ei leiande stilling i Yara.

- Eg ville inkludere agribusiness i oppgåva mi også. Kvinner med så høge stillingar innan global agribusiness er ein raritet i Storbritannia, seier Tanya.

Stipend frå mini-morris-produsent

Sauebonden frå Gloucetershire, to timar nord for London, er sjølv nestleiar i det lokale bondelaget. Ho har 500 sauer som ho driv saman med mann og to born. Ho fekk inspirasjon til å skrive oppgåva av kvinnene i sitt eige distrikt.

- Eg vart merksam på at mange av dei framtidsretta bruka i området blir løfta fram av kvinnene i familien. Eg tenkte det kunne vere inspirerande å reise til andre land og sjå kva innflytelse kvinner har på landbrukssektoren. Etter ei runde i Noreg er Tanya imponert.

- Norsk landbruk er i gode hender, seier Tanya.

Neste stopp for Tanya er Kenya og Uganda. Til hausten går turen til India. Ho har allereie lært mykje, og oppmoder også Noreg å kople seg på stipendordninga ho har nytt godt av. Stipendordninga Nuffield Farming Trust Scholarship vart starta opp av William Morris på slutten av 2.verdskrig.

- Han innsåg at bønder hadde stor nytte av å sjå korleis bønder i andre land takla utfordringar, opne sinnet for å tenke annleis, møte likesinna og finne nye måtar å betre drifta på, fortel Tanya. William Morris reiste sjølv til USA og vart inspirert av Henry Ford til å starte produksjonen av den seinare så legendariske Mini-morrisen.