Skattemeldinga: Endring i avskrivingssatsen

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Dårleg nytt for deg som har nytt fjøs.

Illustrasjonsbilde: Nytt fjøs under bygging på Øya vgs i Sør-Trøndelag

På same tid som regjeringa la fram forslaget til statsbudsjett for 2016, presenterte dei også ei skattemelding med ein ny skattereform. Her foreslår dei å nedjustere avskrivingssatsen på husdyrbygg.

- Dette er ei skatteendring som vil råke dei som har bygd nye og store fjøs hardt, fryktar leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Avskrivingssatsen for husdyrbyggvart auka frå 4 til 6 prosent i året i 2012. No vil regjeringa endre satsen tilbake til 4 prosent. Grunngjevinga bak forslaget er at det ikkje er noko som tyder på at husdyrbygg har større slitasje enn andre næringsbygg.

- Den vurderinga er vi i Norges Bondelag ueinig i. Fjøs har større slitasje og kortane levetid enn andre næringsbygg, både på grunn av støv og mykje fukt. Det bør også spegle seg att i avskrivingsreglane, meiner Lars Petter Bartnes.

Ein ny driftsbygning til ein verdi av 7 millionar kroner vil få reduserte avskrivingar på 140.000 kroner per år med det nye forslaget. Det vil gje auka skatteutgifter på mellom 40.000 og 50.000 kroner.

Regjeringa sitt forslag til skattereform vil truleg bli behandla i Stortinget våren 2016. Dersom forslaga som omhandlar landbruket skulle bli ståande, kan dei tidlegast bli innført i samband med statsbudsjettet for 2017.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere