EU avviklar mjølkevkotane i 2015, foto: Hildegunn Gjengedal.Etter lange tautrekkingar mellom EU-kommisjonen, Parlamentet og medlemslanda i Rådet, er dei siste detaljane på plass i EUs nye landbruksreform.

Omfordeling

Reforma inneber mellom anna ei omfordeling både mellom medlemslanda og innan medlemslanda. Bruk som mottek over 150 000 euro i støtte får reduksjon i overføringa. Meir pengar skal gå til bønder i dei aust-europeiske landa som kom med i 2004, noko dei har vore lova i lang tid. Ein vil også slutte å gi støtte til type forsikringsselskap og flyplassar, som ein ikkje ser på som aktive bønder.

Omfordeling

Innan landet blir også støtta no omfordelt. Mesteparten av EUs støtte blir tildelt som enkeltbruksstøtte, som ikkje er kopla til produksjonen. Fleire land har tildelt denne støtta basert på historisk produksjon. No skal støtta fordelast jamnare per arealeining. Målet er at ingen skal ligge under 60% av gjennomsnittleg støttenivå i landet i 2019. Dei som ligg over gjennomsnittet får redusert støtta tilsvarande. Det meste av direktestøtta ligg i denne potten. I tillegg kjem støtta til unge bønder og vanskelegstilte område (LFA). Det vil også bli gitt ei spesiell støtte til unge bønder, og medlemslanda har høve til å støtte bønder i vanskelegstilte område.

Produksjonsretting og produsentsamarbeid

Medlemslanda har no berre hatt moglegheit til å gi produksjonskopla støtte til nokre få produksjonar. Med den nye reforma opnar ein opp meir for at medlemslanda kan gi enno meir støtte kopla opp til produksjonen, noko Noreg gjer mellom anna gjennom målprissystemet. Dette blir gjort for å stimulere til produksjon av enkelte viktige landbruksvarer.

Heile EU i bruk for å produsere mat

- EU innser at ein må ta heile EU i bruk for å produsere mat, få sysselsetjing i distrikta og halde jorda i hevd. Då må dei i enkelte område også bruke støtte kopla opp til produksjonen, seier Kai Norman Hansen. Han har tidlegare arbeidd med internasjonale spørsmål for Norsk Landbrukssamvirke, og deltek no i eit NILF-prosjekt om den nye EU-reforma på landbruk.

Organisering

Eit anna interessant trekk sett med norske auge, er at EU no ynskjer å stimulere til at bønder kan organisere seg i produsentsamanslutningar. Landbrukskommissær Dacian Ciolos peikar på at dette er viktig for å styrke bøndene i verdikjeda for mat. Samvirka har ei tilsvarande viktig rolle i Noreg.

- Dette syner at EU som Noreg, meiner det er viktig å rette opp maktbalansen i verdikjeda, men EU legg samstundes meir risiko på bøndene, seier Hansen.

 

Grønvasking og meir splitta politikk

Noko av det som har fått mest merksemd i reforma er den såkalla grønvaskinga. 30% av den direkte støtta er knytt opp til miljøkrav om å dyrke minimum 3 ulike vekstar (2 for mindre bruk), etablering av økofokusområde på 5%, og oppretthalding av permanent grasland.  Bøndene fryktar at det vil bli produsert mindre som følgje av kravet om 5% økofokusområde. Miljøorganisasjonane meiner krava ikkje går langt nok.

Mjølkekvotene skal avviklast

Men trass i desse justeringane held marknadsrettinga av landbrukspolitikken fram. Frå 2015 skal mjølkekvotane avviklast, noko som kan gå utover produksjonen i marginale området. Frå 2017 skal sukkerkvotesystemet opphevast.

Fleire bønder i EU fryktar no at landbrukspolitikken blir meir oppsplitta mellom medlemslanda. Bur du i eit land der regjeringa ikkje veljer å bruke moglegheitene for ekstrastøtte, kan du risikere å tape i konkurransen på den opne EU-marknaden.