Norges Bondelag sendte denne veka innspel til regjeringas nye ulvepolitikk som er varsla neste år.

- Presset på beitenæringa er større enn politisk vedtatt. Berre Hedmark åleine må forholde seg til seks grenseflokkar og tre revirhevdande par, i tillegg til et betydelig antall streifdyr. Dersom politikarane vil ha både sau og ulv i Noreg er dei nøydd til å føre ein konsistent politikk, seier styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner.

Det er i dag 1,9 millionar sau i Noreg, og dette talet minkar for kvart år. Den utmarksbaserte saueproduksjonen hentar over halvparten av årsfôret i utmarka, og det blir stadig færre sau på utmarksbeite.Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag

Redusert sone

Einar Frogner understreker at det primære standpunktet til Norges Bondelag er at det ikkje skal vere ulv i norsk fauna og at målet om tre årlege, heilnorske ynglingar av ulv må bli fjerna. Men dersom regjeringa går for ein politikk der vi framleis skal ha eit eige forvaltningsområde for ulv, ulvesona, er Norges Bondelag klar på at forvaltninga må bli strengare.

- Ulvesona må bli redusert, med Glomma som vestre grense. Yttergrensa må vere absolutt og berre dei flokkane som har heile reviret innafor sona skal bli beskytta. Flokkar som har delar av reviret utanfor sona må bli tatt ut, seier Einar Frogner.

Må rekne med grenseflokkane

Grenseflokkane på grensa mot Sverige blir i dag ikkje rekna med i det norske bestandsmålet. Dette ønskjer Norges Bondelag ei endring på. Grenseflokkane må bli rekna inn i bestandsmålet med ein faktor på 0,5. Dette vil gjere det mogleg å oppretthalde både beitebruk, skadeuttak og lisensjakt også innafor ulvesona.

Bondelaget er også svært uroa over at talet på sau som blir drepe av ulv utanfor ulvesona aukar kraftig.

Meir effektive uttak utanfor ulvesona

- Presset på beitenæringa er større enn det stortingspolitikarane føresette då dei vedtok rovviltforlika i 2004 og 2011. Bestandane må ned, og særleg i beiteprioriterte område krevjast det merkbare tiltak, seier Frogner.

- Det må innførast fri jakt heile året på ulv i beiteprioriterte område. I tillegg må det leggast til rette for meir effektive uttak. Potensielle skadegjerarar må bli tatt ut både før beitesesongen og i beitesesongen.

I brevet til Klima- og Miljødepartementet understreker også Norges Bondelag at bestandane av ulv frå Europa og Russland er store og ikkje kan bli rekna som trua.

- Omsynet til såkalla genetisk trua individ må ikkje bli så stort at det undergraver tilliten til rovviltforliket og forvaltninga i prioriterte beiteområde, understreker Einar Frogner i Norges Bondelag.

Les heile høyringssvaret til Norges Bondelag.