- Formålet med samlinga er få eit grunnlag for å gjere den jobben på best mogleg måte, strekar seniorrådgjevar Amund Johnsrud under og peikar på at Norges Bondelag har eit ansvar for å fremje interessene for bønder som tilbyr IPT-tenester, på same måte som for andre bønder. 

Konferansen legg mellom anna  opp til ein dialog mellom representantar for IPT-tilbydarane ute i fylka og forvaltning/myndigheiter som er viktige for å utvikle og auke bruken av IPT som tenestetilbod.

 

Hovudsaka på samlinga vil vere den nyleg vedtatte handlingsplanen for IPT som Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet presenterte tidlegare i haust. -  Vi vil drøfte oppfølginga av og prioriteringane i denne planen. Som ein del av dette vil ein representant frå Helse- og omsorgsdepartementet orientere om den planlagde satsinga på nye omsorgstenester og korleis IPT kan spele ei rolle her, fortel Amund Johnsrud.

Inn på tunet på Matmerk sine nettsider

Bondelaget si fagside Inn på tunet