Leiarane for dei nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonane Nordiske bønder ber i ein felles uttale rejeringene sine om å legge til rette for familielandbruket gjennom politiske og økonomiske verkemiddel.

Uttalen vart lagt fram under presidiemøtet for Nordiske Bondeorganisationers Centralråd (NBC) i Reykjavik 28.august. NBC er ein felles organisasjon for nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonar, der Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bondelag er medlemmer.

Familielandbrukets år

Ein gong i året samlast leiarane til presidiemøte. I år var hovudtemaet familielandbruk. 2014 er av FN utpeikt til familielandbrukets år. FN ynskjer med det å setje fokus på familielandbrukets bidrag til matsikkerheit og fatiigdomsreduksjon, forvalting av naturressursar og berekraftig utvikling i distrikta.

NBC ber i sin uttale dei nordiske regjeringane leggje til rette for familielandbruket gjennom politiske og økonomiske verkemiddel, regelverk, finansiering og støtte. Regjeringene må gjere det attraktivt for unge å ta over familiebruket og styrke samvirka si rolle, heiter det i uttalen.

Bioøkonomi og handelspolitikk

Bioøkonomi og handelspolitikk sto også på dagsordenen på møtet, som samla rundt 50 personar frå dei nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonane. Det var også eigne møte for ungdomsleiarane og generalsekretærane.
Frå Norges Bondelag deltok leiar Lars Petter Bartnes, nestleiarane Brita Skallerud og Kristin Ianssen, generalsekretær  Per Skorge, assisterande næringspolitisk sjef Anne Thorine Lundstein og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal.

Formannskapet går på rundgang mellom dei nordiske landa, og akkurat no har Noreg leiarvervet. Neste års presidiemøte skal vere i Noreg.