Dei viktigaste sakene gruppa har behandla:
- Avstandsavgrensinga for køyring med maskiner mellom 2,55 og 3,50 m breidde
- Vilkåra for kva som kan reknast som «vanleg bruk» av maskiner, i landbruket
- Køyring med tvillinghjul, breie dekk og belte
- Kravet om å ha kjetting med til traktoren i vinterhalvåret, uavhengig av vêr og føre

Ei breitt samansett arbeidsgruppe i regi av Vegdirektoratet har behandla temaet, og kome til nær samrøystes tilrådingar. Gruppa har samstundes klare forventingar til landbruket om å skjerpe det førebyggande arbeidet for trafikktryggleik. Her vert det særleg peika på trongen for å betre kunnskapen om- og praktiseringa av reglane for merking av landbruksmaskiner. Det gjeld både dei som eig og køyrer og dei som sel maskinane. Dette vert difor eit viktig satsingsområde framover

Frå landbruksnæringa har Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving deltatt i gruppa. Matmerk, bladet Betre Gardsdrift og Landbruks- og matdepartementet har også vore representerte. Rapporten er sendt over til Samferdselsdepartementet som har ansvar for å endeleg behandle og vonleg endre dagens regelverk i tråd med framlegga frå arbeidsgruppa

Stor endring på avstand

Ei samla arbeidsgruppe tilrår å endre avstandsavgrensinga frå 34 km langs vegen, til 50 km i luftline. Dette er grensa som i si tid vart tolka til «maks fem kilometer».

Gruppa er klar på at dagens mellombelse grense på 34 km korkje er føremålstenleg eller logisk. 34 km vart i si tid sett fordi det svara til lovleg maks-avstand mellom bruk som er gått saman i mjølkesamdrift. Dette regelverket er seinare blitt oppheva. Utrykkingspolitiet, som har vore med i arbeidsgruppa, har dessutan gitt klart uttrykk for at dagens regel er svært vanskeleg å kontrollere. Samstundes, ved å måle avstanden i luftline, og ikkje langs vegen, tar ein betre omsyn til topografi og landskap i heile landet, langs fjordarmane våre så vel som på flatbygdene.

Arbeidsgruppa drøfta eit framlegg frå Bondelaget og Landbruksrådgivinga om fri køyreavstand, likt  eit framlegg ein hadde i ei tilsvarande arbeidsgruppe i 2009. Dette fekk ikkje tilslutning frå heile gruppa. For å sikre ei samrøystes tilråding samla ein seg difor om forslaget på 50 km i luftline, som nå er sendt over til departementet.

Kva er «vanleg bruk»?

Unnataka i regelverket, som er drøfta i arbeidsgruppa, skal gjelde for landbruket. Det er  ei utfordring å avgrense og definere kva som er landbruksdrift, slik at ein får med seg flest mogleg bruksområde, føremål og driftsformer i næringa.

Innleiingsvis  i gruppa sitt arbeid var det ikkje gitt at leigekøyring, eller arbeid utført av entreprenørar innanfor landbruk skulle bli omfatta av regelverket. Frå Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving vart det difor foreslått at ein heller burde spegelvende dei aktuelle forskriftstekstane, og skrive at maskiner som regulært vert nytta til  arbeid utanom landbruket ikkje skal bli omfatta av unntaket. Dette ønskte ikkje Vegdirektoratet. Rapporten inneheld i staden ei tydeleg presisering der leigekøyring og entreprenørdrift i landbruket er lagt innanfor definisjonen av «vanleg bruk i landbruket».

Køyring med breie dekk, tvillinghjul og belte

Arbeidsgruppa er samde om at regelverket for tvillinghjul og breidekk må vere praktisk handterbart, og at dagens tolking er ugrei. Det vil seie at det ikkje lenger skal vere krav om å ha montert breitt utstyr på traktoren for å bruke breie dekk  eller tvillinghjul. Dagens regel er ikkje praktisk, til dømes kan bonden ikkje køyre for å hente anna utstyr. Han eller ho må kople på reiskap for køyre tilbake og bytte den, eller skifte til ordinære dekk.

Norges Bondelag og Norsk landbruksrådgiving støttar forslaget frå gruppa, men meiner at forskriftsteksten ikkje må avgrense slik køyring berre til transport mellom jordbruksareal, slik det er skrive i rapporten,  men må gjelde generelt. Gruppa er også samde om at det må vere høve til også å ha gummibelte på maskiner med overbreidde.

Alt skal merkast skikkeleg!

Eit vilkår for innføringa av det nye og meir romslege regelverket er at landbruket tar krava til merking på alvor. Her har alle partar, både bønder, maskinbransje og styresmakter, sove i timen i mange år. Når det nye breidderegelverket vonleg kjem på plass, vil det samstundes bli skjerpa handheving av det til no ganske ukjente merkeregelverket.

‑ Alle slepte maskiner skal sjølvsagt ha køyrelys, blinklys og bremselys bakover. Breie maskiner skal merkast med refleksplater ytterst, og som regel også posisjonslykter. Dette finst som tilgjengeleg utstyr frå maskinleverandørane, men av ein eller annan grunn har vi vore dårlege til å bruke sånt, forklarer Amund Johnsrud.

Jogeir Agjeld seier at du gjerne kan lage deg ei liste over kva utstyr som treng lys og merking, men avventar litt på om Vegdirektoratet vil godta merkinga som er vanleg i EU.

- Så snart alle avklaringane er på plass, vil vi invitere maskinbransjen til å bli med på ein stor merkedugnad. NLR og Bondelaget vil bidra til å spreie informasjon om korleis dette skal gjerast på ein skikkeleg måte. Det handlar trass alt om tryggleik, og ei billeg forsikring mot at ting går gale. 

Kjetting: Berre om det er glatt

Arbeidsgruppa tilrår å lempe på påbodet om at du må ha med kjetting når du køyrer traktor vinterstid. Framlegget er å berre krevje at du skal ha med kjetting når det er venta snø eller isdekke på vegen. I dag er kravet at du skal ha med kjetting, uansett føre, om du ferdast med traktor langs veg frå 1. november til første måndag etter påske.

Gjennombrot for samlande løysingar

- Arbeidet i gruppa har vore krevjande men givande, seier Amund Johnsrud og Jogeir Agjeld, rådgivarar i høvesvis Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving. Dei har representert organisasjonane sine i arbeidet med rapporten. Stramme tidsfristar på slutten førte til at dei to valde å skrive eit supplerande brev til Samferdselsdepartementet, der dei utdjupar og presiserer enkelte av sine standpunkt, som ikkje kom med i sjølve rapporten.

­- Men hovudkonklusjonane, som er omtalt i denne artikkelen,  sluttar vi oss til, seier dei to, og poengerter det verdfulle i at dette nå er tilrådingar som er støtta av alle som var med i gruppa.

- Det er eit gjennombrot at så mange og ulike instansar nå endeleg har samla seg om felles løysingar for dei sakene vi har drøfta, seier Agjeld og Johnsrud.

Brei arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa var samansett av Vegdirektoratet, Arbeidstilsynet, Lastebileigarforbundet, Maskinentreprenøranes Forbund og Utrykkingspolitiet, i tillegg til landbruksnæringa.

- Dette bør tilseie at Samferdselsdepartementet høyrer på råda som er gitt og tar dei inn i forskriftene, poengterer dei to. Erfaringane frå gruppa tar ein også med vidare.

- Vi trur alle partar har sett nytta av å sitje rundt same bordet og diskutere traktor og trafikk, seier Agjeld og Johnsrud. Dei to vil arbeide vidare for at ein får eit fast forum i Vegdirektoratet der ein kan løyse problem og oppdatere regelverket for landbruket på landevegen.

Bondelaget og NLR vil satse tyngre på trafikk

Jobben som er lagt ned i arbeidsgruppa markerer også starten på ei tyngre satsing på trafikkreglar frå både Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving.

- Bondelaget har stor politisk slagkraft, noko som er viktig å ha med seg i dette arbeidet. Norsk Landbruksrådgiving har sin store styrke på det faglege. NLR er no i gang med ei stor satsing på maskinteknisk rådgiving, der det å ta tak i trafikkreglar og tryggleik i trafikken er eit viktig tema. Samarbeidet vi ser her vil bli vidareført, til gagn for alle i landbruket. Vi er glade for at vi har funne ei form som kan gi betre framdrift i dette viktige arbeidet, konstaterer Amund Johnsrud frå Bondelaget og Jogeir Agjeld frå NLR.