Robust nordisk landbruk krev langsiktig innsats
Nordiske bondeorganisasjonar ber regjeringane styrkje matberedskapen med langsiktige investeringar og betre rammevilkår for landbruket.
Det framheva nordiske bondeorganisasjonar i ein uttale før helga i Sverige på sitt årlege presidiemøte.
Rundt 60 representantar frå bondeorganisasjonar og landbrukssamvirke i dei nordiske landa var samla på Sånga Säby i Sverige 20. og 21. august.
Temaet for årets møte var kva landbruket betyr for dei nordiske samfunna i ei meir uroleg verd. Møtet vart arrangert av Nordic Farmers’ and Cooperatives’ Organisation, NBC. Både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemer i organisasjonen.
Ber om investeringar i nordisk matproduksjon
I ei felles fråsegn frå møtet understrekar organisasjonane at nordisk jordbruk blir stadig viktigare i møte med klimaendringar og ei meir uroleg verd. Skal moglegheitene utnyttast, trengst det investeringar og langsiktig innsats frå heile samfunnet.
– Nordisk matproduksjon er i vekst og er ein del av den kritiske infrastrukturen i samfunnet. Skal vi kunne utnytte desse moglegheitene, krev det investeringar i tillegg til dei eksisterande programma. Nordisk samarbeid styrkjer beredskapen, investeringsevna og krisehandteringa i matvarekjeda, heiter det i fråsegna.
Ulike utfordringar i dei nordiske landa
Paneldiskusjonen viste at bøndene i dei nordiske landa står overfor ulike politiske og økonomiske utfordringar.
I Noreg opplever bøndene at matproduksjon og beredskap har fått større merksemd og støtte frå styresmaktene og forbrukarane dei siste åra. I Danmark er situasjonen annleis etter regjeringsskiftet.
– Over 70 prosent av det danske folket støttar landbruket, men dei resterande er godt representerte i regjeringa, sa Christian Høegh-Andersen, nestleiar i danske Landbrug & Fødevarer.
Han uttrykte uro for at den nye regjeringa ikkje vil fullføre trepartssamarbeidet om omstilling av landbruket som var sett i gang før valet.
Island framfor avgjerande EU-røysting
På Island står bøndene framfor ei folkerøysting om landet skal starte forhandlingar om medlemskap i EU. Det islandske bondelaget har nyleg vedteke ein resolusjon mot å innleie slike forhandlingar.
– Folk forstår ikkje godt nok korleis landbruket fungerer. Systemet vårt er heilt annleis enn i EU. På same måte som Noreg har vi eit tollvern som vil bli sett under press ved eit medlemskap, sa Margrét Ágústa Sigurðardóttir, generalsekretær i det islandske bondelaget.
Ho meiner islandske bønder opplever liten støtte frå ei regjering som ønskjer å føre landet nærmare EU.
Større merksemd om svensk matberedskap
Også Sverige står framfor eit val. Landbruk har i liten grad vore tema i valkampen, men synet på svensk matproduksjon har endra seg i takt med ei meir uroleg verd og større merksemd om matberedskap.
– For nokre år sidan var svaret at vi måtte stole på resten av EU. No har det snudd. Vi stolar ikkje lenger like mykje på andre land, sa Palle Borgström, leiar i Lantbrukarnas Riksförbund, LRF.
Han peika samtidig på at forslag om kutt i finansieringa av den felles landbrukspolitikken i EU kan svekkje svensk landbruk.
Ifølgje Borgström er det no langt meir svensk kjøt i butikkane enn for ti år sidan. Samtidig har debatten om matprisane blussa opp.
– Berre 60 prosent meiner at matprisane er for høge. Dette er i stor grad ein medieskapt diskusjon, sa Borgström.
Finske bønder vil ha langsiktige løysingar
Landbruket har tradisjonelt stått sterkt i Finland, men finske bønder er no i ein krevjande økonomisk situasjon. Næringa har behov for større og meir langsiktige investeringar.
– Vi får mykje sympati frå forbrukarane, men vi er leie av krisepakkar. Vi treng langsiktige investeringar. Vi mista éin milliard frå botnlinja etter at vi vart medlem av EU. Vi har effektivisert, men kvar vart det av pengane? spurde Tero Hemmilä, leiar i den finske bondeorganisasjonen MTK.
Han uttrykte også uro for kva som kan skje med landbrukspolitikken dersom Finland får ei ny regjering etter valet i april.
Rekna på verdien av økosystemtenestene
På møtet deltok også Anders Ahnlid, leiar for det svenske Kommerskollegium. Han snakka om den globale handelssituasjonen.
Markus Hoffmann frå LRF presenterte ein rapport som vurderer både dei positive og negative verknadene landbruket har på miljøet.
– Ei grøn omstilling vil koste svensk landbruk 80 milliardar svenske kroner. Samtidig har vi rekna på verdien av økosystemtenestene landbruket leverer. Staten spring frå rekninga. Samla sett bidreg landbruket med større verdiar enn utsleppa våre kostar, sa Hoffmann.
Deltakarane besøkte også DeLaval som ein del av programmet. Det neste årlege presidiemøtet i NBC skal haldast i Finland.