Illustrasjonsfoto: Hildegunn Gjengedal.Rio+20 er FNs store konferanse om bærekraftig utvikling. 50.000 mennesker deltar i Rio de Janeiro 20.-22. juni 2012, 20 år etter den historiske Rio-konferansen. - Landbruket er heilt sentralt i arbeidet med å redusere fatigdom, få til sosial utjamning og verne om miljøet, meiner Norges Bondelag som er glade for at mat og matsikkerheit er eit prioritert område for Noreg - før møtet.

Nasjonal matproduksjon ein føresetnad for matsikkerheit

-Nasjonal matproduksjon er sjølve basisen for verdas matproduksjon, og ein føresetnad for å oppnå matsikkerheit, meiner Norges Bondelag og strekar under at 90 prosent av verdas mat blir omsett innafor landegrensene.

925 millionar har ikkje nok mat

20 år etter at verdsleiarane møttes i Rio lever framleis over en milliard menneske i absolutt fattigdom. 925 millionar menneske har ikkje nok mat. Rundt tre fjerdedelar av dei som er definerte som sveltande, er enten bønder, landarbeidarar eller nomader. FAO reknar med at verda treng 70 prosent meir mat i 2050 for å brødfø dei ni milliardar innbyggarane vi då vil vere.

Jordbruk meir krevande på grunn av klimaendringane

Samtidig blir forholda for å drive jordbruk stadig meir krevjande i store delar av verda på grunn av klimaendringar og endra kosthald. Klimaendringane rammar landbruket hardt, fordi bønder lever av og med naturen. Samtidig er verdas bønder sentrale i løysinga til klimautfordringane gjennom å levere rein energi og mat, produsert på ein berekraftig måte.  I Norge kan eksempelvis landbruket produsere 2/3 av energien norsk vasskraft gir, gjennom bruk av bioenergi, biogass og småkaft, minnar Bondelaget på.

Utanriksdepartementet om Rio+20

Kontaktperson i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke

Les og: Landbruk må i sentrum av forhandligane