Illustrasjonsfoto: Norges Vel.Det skriv Norges Bondelag i eit inspel til Utenriksdepartementet i samband med Rio+20-møtet. Rio+20 er FNs store konferanse om bærekraftig utvikling. 50.000 mennesker deltar i Rio de Janeiro 20.-22. juni 2012, 20 år etter den historiske Rio-konferansen. -Under toppmøtet skal verdens ledere forme en framtid som forener utvikling og miljøhensyn, heter det på Utenriksdepartementets sider.

Nasjonal matproduksjon må framhevast

-Det er viktig at verdsleiarane i Rio klarer å kome fram til ei god sluttekst som kan gi håp om redusert fattigdom og svolt, eit betre klima og ein berekraftig grøn økonomi. For å få til det, må landbruket inn i sentrum av forhandlingane og den nasjonale matproduksjonen framhevast, strekar Bondelaget under.

Rett til eigen matproduksjon

-Forslag som vil undergrave nasjonal matproduksjon gjennom handeliberalisering og kutt i støtte, må ikkje inn i slutteksten. Sluttdokumentet frå Rio må vise veg mot ei framtid med berekraftig matproduksjon i sentrum. Då må kvart lands rett til eigen matproduksjon styrkast, skriv Bondelaget.

Kan undergrave lokal matsikkerheit

Samstundes peikar Bondelaget på at utkastet til sluttdokument som no ligg føre, har enkelte uheldige formuleringar som kan undergrave dei gode intensjonane i kapitelet om mat. Det gjeld til dømes ein praragraf (13) somf ramhevar at eit ope ahndelssystem vil tene matsikkerheit og bygdeutvikling i sør. - Handel kan vere eit supplement til nasjonal matproduksjon og gi vekst, men det kan også gjere land meir avhegig av import og eksport og undergrave lokal matsikkerheit, meiner Bondelaget og syner til FNs spesialrapportør for retten til mat, Olivier de Schutter.

Underminerer lokal produksjon

Bondelaget meiner store deler av handelskapitelet i utkastet er uheldig. I den første paragrafen til dette kapitlet står det mellom anna at handelsliberalisering kan stimulere utvikling over heile verda, og tene alle land på alle utviklingsnivå. - Det fins mange døme på at ei liberalisering av handel med landbruksvarer fører til dårlegare lokal matsikkerheit, både gjennom at maten blir eksportert i staden for å konsumerast lokalt, og at import øydelegg lokale marknader og dermed underminerer lokal produksjon.

Øydeleggande uten at det fører til utvikling

I eit anna kapittel blir det foreslått å fase ut støtte som blir definert som marknadsforstyrrande. - For Noreg og mange andre land vil dette vere svært øydeleggande for lokal matproduksjon, utan at det fører til utvikling i sør, skriv Norges Bondelag og peikar på at Rio-teksten her grip inn i forhandlingar som skal foregå under WTO.