Fredag melde SLF (Statens Landbruksforvaltning) at brukarskifte på mjølkebruk måtte sjåast på som "endring i kvoteforhold". Med ein slik inngang, meinte SLF at brukarskfite på mjølkebruk (enkeltpersonsforetak) berre kunne skje den 1. mars kvart år.

Brukarskifte heile året

Meldinga fekk Bondelagsmedlemmane til å regarere med ein gong, og Bondelaget tok kontakt med SLF og Landbruks- og matdepartementet for å avklare kva meldinga innehaldt. - Vi kunne ikkje akseptere SLF sin tolkning av reglane, seier generalsekretær Per Skorge..

 Mandag kom retretten: no heitar det at

 "brukarskifte på mjølkebruk ikkje skal tolkast som ”endring i kvoteforhold” og at brukarskifte kan skje gjennom heile året.

Nettnyheit om brukarskifte frå 24.01.2013 kan dermed sjåast bort frå."

(Sjå meldinga om oppdatering om brukarskifte på mjølkebruk på SLF sin heimeside).

 

Bondelagets temaside jordbruksavtalen