Resolusjon: Uakseptabelt av regjeringa

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Representantskapet i Norges Bondelag

Landbruket er ei langsiktig næring som treng føreseielege rammevilkår. Regjeringa bidrar til det motsette både i handsaminga av jordbruksmeldinga og i ulveforvaltninga. No må Stortinget gje landbruket tydelege politiske vedtak å jobbe etter.

Den viktigaste oppgåva i jordbruksoppgjeret er å følgje opp Stortinget sin vilje i landbrukspolitikken. Stortingshandsaminga av jordbruksmeldinga er sett til 25. april. Det er dagen før jordbruket skal levere sitt krav til årets jordbruksforhandlingar, og det kompliserer prosessen unødig. Regjeringa si jordbruksmelding vart lagt fram i desember og var ei bestilling frå samarbeidspartia på Stortinget etter jordbruksoppgjeret i 2014. Meldinga skulle skape ro og føreseielege rammer i framtidige forhandlingar. No skjer det motsette.

Representantskapet i Norges Bondelag meiner det er utilfredsstillande at Stortinget ikkje har greidd å vedta meldinga i god tid før jordbruksforhandlingane. Representantskapet har store forventningar til at støttepartia i Stortinget, KrF og Venstre, vil bidra til å skape fleirtal for gode løysingar og rammeverk for framtidig matproduksjon over heile landet.

Regjeringa har også greidd å skape stor utryggleik for framtida til norsk beitenæring, ved å setje den vedtatte politikken til Stortinget til side. Denne vinteren har det blitt ført ein svært uryddig politisk prosess om lisensfelling av ulv. Representantskapet i Norges Bondelag ser med sterk uro på utviklinga der presset på beitenæringa blir større enn politisk vedtatt. Dette vil føre til store dyrelidingar, og skape økonomisk utryggleik for bonden. Det går på tilliten laus. No må Stortinget ordne opp for å unngå ein ny beitesesong med store rovdyrtap og avgrensa moglegheiter til å ha dyr på utmarksbeite.

Resolusjon frå representantskapet i Norges Bondelag 30. mars 2017

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere