Måndag 26. juni vart bondeorganisasjonene og staten einige om fordelingene av jordbruksavtalen Stortinget vedtok 16. juni. Stortingsfleirtalet med Høgre, FrP og Venstre vedtok ei ramme på 625 millionar kroner. På same tid vedtok partia målprisane som skal gjelde frå 1. juli i år, og gav partane i jordbruksforhandlingane i oppgåve å fordele resten.

I fordelingsforhandlingane har bondeorganisasjonane greidd å behalde målprisen på gris og det generelle beitetilskotet, og vi har greidd å redusere omfordelingane mellom produsentar som låg inne i statens opphavelege tilbod.

Her kan du rekne på kva utslag avtalen gir på ditt bruk.