Regjeringa må stå opp for norske interesser og arbeidsplassar

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Resolusjon frå Leiarkonferansen 2015.

Gode handelspolitiske rammevilkår er avgjerande føresetnader for å nå det politiske målet om auka matproduksjon på norske ressursar. Det pågår no fleire politiske prosessar som vil påverke norske bønders moglegheiter til å auke matproduksjonen og skape grunnlag for vekst i jordbruk og næringsmiddelindustri. Allereie i dag bidreg denne grøne og framtidsretta næringa med 90 000 arbeidsplassar og ein omsetnad på over 140 milliardar kroner.

I desse dagar møtes EU og Noreg til nye forhandlingar om handel med landbruksvarer gjennom EØS-avtalas artikkel 19. Den norske marknaden er allereie hardt pressa. Sjølv små importaukingar kan få store utslag for norsk pris og produksjon. Ei auka importkvote på 1000 tonn ost vil til dømes gi tap av over 100 arbeidsplassar, 130 millionar kroner i tapt verdiskaping for bonde og industri, 1300 færre mjølkekyr og 20 000 dekar ut av drift. Importen frå EU er rundt tre gonger så stor som i 2000, medan norsk eksport til EU er minimal. Allereie i dag er handelen 6-1 i EUs favør, og følgjer ikkje intensjonen i avtala om at liberaliseringa skal vere gjensidig fordelaktig. Auka liberalisering frå norsk side er heller ikkje foreinleg med artikkel 19s føresetnader om at endringane skal skje innan rammene for partane sin landbrukspolitikk. Auka kvotar og redusert toll for EUs marknad inn til Noreg vil undergrave norsk landbruksproduksjon og må avvisast. Vi forventar at regjeringa står opp for norske interesser og arbeidsplassar. Det inneber at Noreg ikkje må gi auka innrømmingar til EU i EØS-artikkel 19-forhandlingane.

Gjennom Stortingsmelding 29 (2014-2015) om Globalisering og handel slår regjeringa fast at dei ynskjer å ”vektlegge norsk landbruks beskyttelsesbehov” og ”beholde et handlingsrom for å kompensere for ulemper ved norsk produksjon”. Det blir i meldinga også peika på landbrukets behov for ”forutsigbare rammevilkår”, og at det er ”lite sannsynlig at norsk landbruk vil kunne konkurrere på pris med produsenter hvor lønnskostnader og naturgitte forhold ligger bedre til rette for kostnadseffektiv produksjon”. Dette heng dårleg saman med regjeringas ynskje i same melding om å ”arbeide for en friere handel med landbruksvarer” og utfasing av all eksportstøtte innan utgangen av 2019.

Norsk landbruk er heilt avhengig av eit sterkt tollvern og støtte for å kunne oppretthalde og auke matproduksjonen over heile landet. Regjeringa må jobbe for å styrke næringas  konkurransekraft og ikkje gje frå seg verkemiddel som kan styrke norsk produksjon og arbeidsplassar.

Ei svekking av Jarlsbergeksporten vil kunne få store konsekvensar for norsk mjølkeproduksjon. Volumet utgjer ca 8 prosent av den norske produksjonen. Grunna den store betydninga dette har for norsk landbruk og næringsmiddelindustri, ber vi regjeringa gjennomføre ei særskild utgreiing av konsekvensane for eit slikt borfall av volum. 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere