- Noreg må ikkje bøye av for tomme EU-trugsmål om å innføre straffetiltak mot rettmessige tiltak for å sikre norsk matproduksjon og sysselsetjing. Handlingsrommet vi har utanfor EU må nyttast til å gjennomføre vår eigen landbrukspolitikk, skriv styret i Nei til EU i ei uttale. 

- Det er skuffande at EU ikkje respekterer WTO-avtala som dei sjølve har underteikna og brukt for å verne om eige landbruk. EU må akseptere at landbruket er utanfor EØS-avtala. Handelen skal skje innanfor landbrukspolitikken i dei respektive landa. EU må respektere norsk landbrukspolitikk og avtaler inngått i WTO.

- Då Noreg inngjekk EØS-avtala skulle landbruket haldast utanfor. Vi ser no at tollvernet ikkje fungerer etter intensjonen, og at dette på sikt kan øydeleggje for norsk landbruk og dei tilleggsgoda dette gir. Tollvernet er ein føresetnad for at landbruket og næringsmiddelindustrien overlever i eit høgkostland som Noreg med krevjande geografi og klima. 70% av landbruksvareimporten til Noreg kjem frå EU, og importauken etter innføringa av EØS-avtala har vore enorm. Landbruket treng ikkje EØS-avtala, heiter det i uttala frå Nei til EU.