Det streka Bondelagsleiar Nils T. Bjørke under på møtet i Regjeringas kontaktutval i dag. - Resultatet av jordbruksoppgjeret til våren kjem i stor grad til å påverke stemninga i næringa fram mot valet, sa Bjørke som viste til at tollendringa på ost, storfe- og lammekjøt var særs godt motteke av næringa.

Tapar marknadsandeler

I kontaktutvalet peika Bjørke og på tre hovudgrunnar til at norsk matproduksjon tapar marknadsandelar:

  • Løns- og kostnadsnivået aukar sterkt som ein følgje av presset frå olje- og eigedomssektoren og norske varer taper konkurransekraft.
  • Matvarekjedene aukar makta si, nå seinast gjennom samordning av Ica og Norgesgruppenn og Remas oppkjøp av Stangekylling. Det gir ein kraftig ubalanse samanlikna med jordbruket sin og næringsmiddelindustrien si andel av innteninga i verdikjeda.
  • Råvareproduksjon i Noreg går ned på sentrale områder som storfekjøt, korn og gras fordi det ikkje er tilstrekkeleg lønsemd.

 

Lov om god handelsskikk

-Regjeringa lyt få på plass ein lov om god handelsskikk og Konkurransetilsynet må få klare politiske føringar om å gripe fatt i problemet. Så langt kan vi ikkje sjå at tilsynet er skikkeleg på banen.

Mål om auka matproduksjon

I landbruks- og matmeldinga er hovudmålet auka matproduksjon om lag i takt med befolkningsveksten. Det betyr at trenden med fallande heimemarknad må snus. Regjeringa må aktivt leggje til rette for investeringar og lønsemd i denne viktige delen av næringslivet. Målet er auka matproduksjon, og det er vi bønder og næringsmiddelindustrien som må gjere jobben, sa Bjørke i Regjeringen sitt kontaktutvalg der han samstundes peika på regjeringas perspektivmelding der det står at "Norge har et høyt inntektsnivå, små inntektsforskjeller og vi kommer godt ut på internasjonale målinger av livskvalitet."

Små inntektsskilnader

-Statsminister, målet om små inntektsskilnader må og gjelde for yrkesgruppa norske matprodusentar dersom ein skal nå målet om auka matproduksjon, streka Bjørke under.

Kontaktperson: Nils T. Bjørke