Eg hadde forventa at vi vart tilbydd ei kronemessig lik utvikling med andre som eit utgangspunkt for forhandlingar.  Vi er langt frå det i tilbodet, og dette er svært skuffande, seier Hilleren.

-Med dette tilbodet synleggjer regjeringa at dei ikkje er viljug til å prioritere norsk matproduksjon i tilstrekkeleg grad.   - Dei fagre orda i landbruksmeldinga vert berre fagre ord med dette tilbodet!  Konsekvensen vert ei vidareføring av dagens utvikling med auka import, færre arbeidsplassar og eit landskap som vil halde fram med å gro att. 

- Eg er også skuffa over distriktssatsinga i regjeringa sitt tilbod.  Det er positivt at dei innfører eit tilskot til grøfting, men slik dette ligg føre vil det ha liten eller ingen verknad for vår region, held Hilleren fram.  Regjeringa seier at dei vil styrke produksjonen av storfekjøt, men måten dette vert gjort på vil ikkje styrke storfekjøtproduksjonen i våre område, då dei i sterk grad prioriterer dei større ammekuprodusentane.   - Eg trur heller ikkje verkemidlane er gode nok til å auke den samla storfekjøtproduksjonen i Norge, seier ein svært skuffa Hilleren. 

Eg er i sterk tvil om dette i heile teke er noko grunnlag å forhandle vidare på, og vil drøfte tilbodet med lokallagsleiarane i kveld, før eg gjev mitt råd til leiinga sentralt, seier fylkesleiar Per Hilleren.

Staten sitt tilbod