Norges Bondelag deltok måndag ettermiddag i høyring hos næringskomiteen på Stortinget, om forslaget til statsbudsjett for 2015. Andre nestleiar, Brita Skallerud presenterte dei viktigaste innspela frå organisasjonen og svarte på spørsmål, og la særleg vekt på kva konsekvensar det vil få for norsk matproduksjon dersom minstegrensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret blir auka frå 50.000 til 150.000 kroner. 

- Svekkar norsk matproduksjon

Andre nestleiar, Brita Skallerud representerte Norges Bondelag i høyringa hos næringskomiteen på Stortinget. - Regjeringa sitt framlegg om tredobling av beløpsgrensa for mva-registrering vil svekke moglegheitene for verdiskaping i norsk næringsliv. Det vil bli vanskelegare å etablere seg, investere i, og drive føretak i norsk næringsliv, sa Skallerud til næringskomiteen, og ho la særleg vekt på konsekvensane for norsk matproduksjon.

- Med framlegget risikerer 9 500 matprodusentar å miste frådragsretten for mva slik at driftskostnadene aukar med 25 prosent. 67 prosent av desse føretaka er korn-, saue- eller ammekuprodusentar. Dette er produksjonsgreiner med særleg behov for auka produksjon, sa ho. 

Budsjettkutt gir ikkje meir mat

Norges Bondelag uttrykte i høyringssvaret uro for dei store kutta i det samla budsjettet til Landbruks- og matdepartementet LMD.

- Med dei klare politiske måla som er sett for norsk matproduksjon er Norges Bondelag
skuffa over kuttet på 175 mill kroner i Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.
For å styrke arbeidet med tiltak som kan auke matproduksjonen burde departementet sitt budsjett blitt betydeleg auka, slik vi ser budsjettauke på andre område som følgje satsingane til regjeringa, sa Skallerud.

Ho trekte fram kutta i løyvingane til forsking og organisasjonar som særleg alvorlege. Ho bad også om at det vart løyvd fleire midlar til naturskadeordninga, og at erstatningsordninga for MRSA blir utvida til å gjelde også dei som allereie har sanert besetningane sine.

Fleire sette meirverdiavgifta på dagsorden

Norges Bondelag har i lag med Akademikerne, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Fiskarlag og Norske Reindriftssamers Landsforbund sendt brev til næringskomiteen og bedd om at mva-grensa på 50.000 kroner blir oppretthalde. Desse organisasjonane gjentok også bodskapet om meirverdiavgift i sine innlegg i høyringa.