Ei lang rekke med kjeledressar og plakater tok beina fatt for å koma frå Bjerkreim til Vikeså. Mange av bilane som passerte tuta og vinka og hadde tommelen opp. Markeringa i Bjerkreim var for å visa frustrasjonen over politikarar som ikkje tek bøndene på alvor

Turen endte hjå Ordførar Marthon Skårland (H) som har kontor i same bygg som NAV-avdelinga til Bjerkreim. Han forstår godt frustrasjonen.

E-39 går rett gjennom matfatet i Bjerkreim. Målet var å gje dei vegfarande noko å tenkja på. Samtidig viste me at det som skjer i jordbruksforhandlingane gjeld kvar og ein av oss.