Sylvi Listhaug i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag

I dagens munnlege spørjetime i Stortinget vart landbruks- og matminister Sylvi Listhaug spurt ut om forslaget om å fjerne konsesjonsloven.

- Ei oppheving av konsesjonsloven vil på sikt kunne gjere det norske landarealet til eit globalt investeringsobjekt. Synst statsråden det er tåpeleg å ha eit lovverk som sikrar nasjonalt eigarskap til norske skog- og jordressursar, spurde Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av næringskomiteen.

- Urettferdig

Geir Pollestad (SP) stilte spørsmål til landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag.- Det denne regjeringa er opptatt av er å styrke den private eigedomsretten til folk. Konsesjonsloven bidrar til at det offentlege kan blande seg inn og bestemme kven som skal kjøpe garden din og til kva pris. Det innskrenkar den private eigedomsretten i stor grad, svarte landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

- Konsesjonsloven blir ulikt brukt frå kommune til kommune, avhengig av kven som sitt med politisk makt. Det fører til ulikskap og det vil eg seie er urettferdig, sa Listhaug, som heller ikkje delte Pollestad si frykt for at norske landbrukseigedommar skal bli kjøpt opp av utanlandske kapitalistar.

Geir Pollestad uttrykte bekymring for at Listhaug ikkje sa noko om dei langsiktige verknadene av å oppheve konsesjonsloven, verken i Stortinget i dag eller i høyringsnotatet om fjerninga av konsesjonsloven som vart sendt ut i haust, men at ho berre snakka om kva det vil bety for dagens eigarar av landbrukseigedom.

- Det eg meiner kjem til å skje framover, er at fleire får moglegheit til å kjøpe seg ein gard, svarte Listhaug på det. - Eg meiner dette er skremselspropaganda, sa ho.

Symbolmarkering?

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane bad Sylvi Listhaug om å svare på kva plan ho har med forslaget om å oppheve konsesjonsloven.

- Er planen å få fleirtal i Stortinget for din og regjeringa sin politikk? Eller er det viktigare å bruke lovgjevingsprosessen til partipolitisk symbolmarkering, spurde Navarsete.

- Regjeringa sin ambisjon er å få gjennomført mest mogleg av den politiske plattformen vår i flest mogleg saker, sa Listhaug. - Det handlar om den private eigedomsretten som er heilag for dei partia som sitt i regjering.

Knut Storberget, landbrukspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet følgde opp med eit spørsmål om kvifor den nasjonale eigarskapen til jord og skog, basisen for det vi skal leve av i framtida, ikkje er viktig.

- Det som er viktig er å sikre den private eigedomsretten, og i all nær framtid kjem staten og nordmenn til å eige mesteparten av eigedomane, svarte Listhaug.

Landbrukspolitiske argument

- Kva landbrukspolitiske argument har statsråden for å fjerne konsesjonsloven, spurde Line Henriette Hjemdal, landbrukspolitisk talsperson for KrF.

Landbruksministeren svarte at ved å oppheve konsesjonsloven ville fleire unge få moglegheit til å komme inn i næringa.

- Det er ei utfordring for mange i dag at det er for få gardsbruk til sals. Det å få ei større omsetjing av landbrukseigedom vil gje fleire moglegheit til å kjøpe gard, hevda Sylvi Listhaug.

Forskjell på å eige jord og hus

Karin Andersen, stortingsrepresentant for SV frå Hedmark hadde det siste tilleggsspørsmålet til landbruks- og matministeren i dagens spørjetime.

- Det statsråden tydelegvis ikkje forstår er at det å eige jord er noko anna enn å eige eit hus. Den jorda vi har er grunnlaget for den matproduksjonen vi skal leve av, og det er grunnen til at vi har hatt konsesjonslover i dette landet, sa Karin Andersen til Sylvi Listhaug.

- Eg meiner at den private eigedomsretten skal vere heilt grunnleggande, anten du eig eit hus eller ein landbrukseigedom, og det er derfor vi ønskjer å gjere desse endringane no, for at bøndene skal få tilbake eigedomsretten og styringa over sin eigen eigedom, avslutta Sylvi Listhaug.

Forslaget om å oppheve konsesjonsloven er no ute på høyring, med svarfrist 15. januar.