Priskontroll i næringskomiteen

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Næringskomiteen tar opp priskontrollen til ny behandling. – Viktig å setje stoppar for uryddig praksis, meiner Lars Petter Bartnes.

Lars Petter Bartnes er glad næringskomiteen tar tak i saka om priskontroll igjen.

- Det er viktig at vi får sett ein stoppar for den uryddige praksisen som landbruksministeren har innført, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Forslaget om å oppheve priskontrollen vart sendt ut på høyring frå regjeringa for snart to år sidan. Samtidig vart det sendt ut brev til kommunane om ikkje å leggje avgjerande vekt på priskontrollen i eigedomsoverdragingar, sidan loven skulle bli endra.

- Forskotterte lovendring

- Statsråden gjekk utover fullmaktene sine då ho bad kommunane sjå bort frå priskontrollen, og vi  no begynner vi å sjå resultata av det i form av dyrare landbrukseigedom. Slik kan vi ikkje ha det, seier Bartnes.

For eitt år sidan sende regjeringa eit forslag om å fjerne heile konsesjonsloven, som priskontrollen er ein del av, på høyring. Dermed vart forslaget om å oppheve priskontrollen liggande i skuffa. No tar næringskomiteen det likevel opp til behandling.

- Eg er glad for at saka om priskontrollen no blir behandla i næringskomiteen. Statsråden har greidd å skape stor forvirring rundt handhevinga av priskontrollen, etter brevet ho sende ut hausten 2013. Ein statsråd kan ikkje forskottere ei lovendring. Det er bra å få rydda opp i dette, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

- Priskontrollen må bestå!

Det var avisa Nationen som i oppslag sist veke viste fleire døme på at priskontrollen i praksis er oppheva i mange eigedomssaker. Det fekk leiaren av næringskomiteen til å ta opp saka igjen. Også leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen vurderte å behandle saka.

- Vi er opptatt av å behalde priskontrollen, som er eit viktig verktøy for å sikre at landbrukseigedom blir selt til ein pris som står i forhold til moglegheitene til inntening i drifta av garden. Det er viktig for å oppretthalde norsk matproduksjon og for å gje unge bønder tilgang til næringa, seier Lars Petter Bartnes.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere