Priskontroll i næringskomiteen
Næringskomiteen tar opp priskontrollen til ny behandling. – Viktig å setje stoppar for uryddig praksis, meiner Lars Petter Bartnes.
- Det er viktig at vi får sett ein stoppar for den uryddige praksisen som landbruksministeren har innført, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
Forslaget om å oppheve priskontrollen vart sendt ut på høyring frå regjeringa for snart to år sidan. Samtidig vart det sendt ut brev til kommunane om ikkje å leggje avgjerande vekt på priskontrollen i eigedomsoverdragingar, sidan loven skulle bli endra.
- Forskotterte lovendring
- Statsråden gjekk utover fullmaktene sine då ho bad kommunane sjå bort frå priskontrollen, og vi no begynner vi å sjå resultata av det i form av dyrare landbrukseigedom. Slik kan vi ikkje ha det, seier Bartnes.
For eitt år sidan sende regjeringa eit forslag om å fjerne heile konsesjonsloven, som priskontrollen er ein del av, på høyring. Dermed vart forslaget om å oppheve priskontrollen liggande i skuffa. No tar næringskomiteen det likevel opp til behandling.
- Eg er glad for at saka om priskontrollen no blir behandla i næringskomiteen. Statsråden har greidd å skape stor forvirring rundt handhevinga av priskontrollen, etter brevet ho sende ut hausten 2013. Ein statsråd kan ikkje forskottere ei lovendring. Det er bra å få rydda opp i dette, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
- Priskontrollen må bestå!
Det var avisa Nationen som i oppslag sist veke viste fleire døme på at priskontrollen i praksis er oppheva i mange eigedomssaker. Det fekk leiaren av næringskomiteen til å ta opp saka igjen. Også leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen vurderte å behandle saka.
- Vi er opptatt av å behalde priskontrollen, som er eit viktig verktøy for å sikre at landbrukseigedom blir selt til ein pris som står i forhold til moglegheitene til inntening i drifta av garden. Det er viktig for å oppretthalde norsk matproduksjon og for å gje unge bønder tilgang til næringa, seier Lars Petter Bartnes.