F.v. nestleiar i Norges Bondelag Kristin Ianssen, WFO-president Evely Nguleka og nestleiar i Nortura Kari Redse Håskjold deltok  på FAOs globale dialogmøte om familielandbruket. Møtet var ein del av arrangementa knytt til FNs år for familielandbruket, og vart halde i Roma sist veke. Dette året ynskjer FN gjennom sitt landbruks- og matorgan FAO å løfte fram fordelane familielandbruket har mellom anna for å sikre nok og trygg mat og utvikle bygdesamfunna.

- Same utfordringar i heile verda

-  Familiebønder har eit stort potensiale til å utrydde svolt, men for å klare det må dei ha gode politiske rammevilkår, sa Evelyn Nguleka.
Ho er leiar for bondelaget i Zambia, og fungerande president i WFO fram til val av ny president i juni 2015. Rundt 50 representantar for WFO-medlemmer deltok, derimellom nestleiar Kristin Ianssen frå Norges Bondelag og Kari Redse Håskjold for Norsk Landbrukssamvirke.

- Det slår meg at det er mykje av dei same utfordringane familielandbruk møter verda over, sjølv om produksjonsvilkåra er veldig ulike. Rekruttering, tilgang på ressursar, politisk tilrettelegging og samvirkeorganisering for å få meir makt i verdikjeda går igjen. Det bør også norske politikarar merke seg, sa Kristin Ianssen.

Retningslinjer for regjeringar

Kristin Ianssen peika på at det er viktig at familielandbruksåret no blir følgt opp med konkrete tiltak. Det lova  generaldirektør i FAO, Jose Graziano da Silva:
- Vi har plassert familielandbruket på den offentlege agendaen. Men dette er berre starten. FAO har allereie gitt støtte til familiebruk, vi hjelper medlemmer i å utforme og gjennomføre politikk og vi inngår strategiske partnaravtaler med sivilt samfunn, sa da Silva.

Som ei oppfølgjing av familielandbruksåret har FAO mellom anna laga nettsider der dei deler kunnskap om familielandbruket, og utvikla retningslinjer som vil hjelpe regjeringar til å definere familielandbruket regionalt og nasjonalt.
- Dette vil hjelpe for å styrke politikk som støttar sektoren, sa da Silva.


Familielandbruket er løysinga

Han framheva familielandbruket som den viktigaste modellen for å utrydde svolt på ein berekraftig måte.
- I mange år vart familielandbruket sett på som eit problem. Dette kunne ikkje vere lenger frå sanninga. Verdas matvaredag og det internasjonale året for familielandbruket har vist at familielandbruket er del av løysinga på svoltutfordringane, sa Da Silva.
Han peika på at familielandbruket er så variert verda over at ein ikkje kan ha ein modell som passar alle.
- Vi treng skreddarsydde løysingar, sa da Silva.
Neste år er det jord som er i fokus. 2015 vil bli FNs internasjonale år for jord.
- Dette er ein dyrebar naturressurs som familiebønder tek vare på gjennom berekraftig variert produksjon, sa da Silva.