Populær Bondelags-stand på Agroteknikk
Mange brukte helga til å melde seg inn i Norges Bondelag.
Torsdag til søndag sist veke vart landbruksmessa Agroteknikk arrangert på Lillestrøm, og Norges Bondelag var sjølvsagt på plass med eigen stand. Standen var svært godt besøkt av både medlemmar og ikkje-medlemmar, som kunne snakke med styremedlemmar og fylkesleiarar, bondelagsadvokaten og andre tilsette frå administrasjonen. Heile 90 personar melde seg inn i Norges Bondelag på messe.
- Det er viktig for Norges Bondelag å vere til stades på slike arrangement der vi møter medlemmane våre. Det er også veldig hyggeleg at så mange melde seg inn i løpet av messa, seier organisasjonssjef i Norges Bondelag, Astrid Solberg.
På standen selte Norges Bondelag også dei populære Bonde-t.skjortene våre, med stor suksess.
- Vi selte over 1000 t-skjorter til medlemmar og ikkje-medlemmar, og det er vi også svært godt nøgd med, seier Astrid Solberg.