- Å brødfø verdas aukande folkemengde er ei av dei største utfordringane i verda i dag. Det er heilt avgjerande at verdas bønder har ei sterk og samla stemme når vi skal finne dei beste løysinga på denne utfordringa, sa Kendall i sitt fyrste innlegg som president.

Presidentvalet var den store saka på årets generalforsamling i Buenos Aires 25-29. mars, som er den 3. i rekka. Amerikanske Robert Carlson har leia organisasjonen sidan oppstarten i 2011. WFO vart danna som ein verdomspennande organisasjon for bønder etter at forgjengaren IFAP gjekk konkurs. Kvart kontinent har ein representant i styret. Belgia tok over den europeiske plassen i styret etter norske Berit Hundåla. Hovudsetet er i Roma.

- Vi treng ein organisasjon som snakkar bøndene si sak på verdsarenaen, seier nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen.

Ianssen deltok på generalforsamlinga i Buenos Aires. Både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer i WFO.

Like utfordringar i verdikjeda

- Vi bønder frå ulike deler av verda har mykje av dei same utfordringane til dømes når det gjeld maktforholda i verdikjeda for mat. Det viser innlegga på møtet her. Bøndene og samvirka opplever eit sterkt press frå ein stadig meir konsentrert daglevarebransje, seier Ianssen.

Arne Ivar Sletnes, Norsk Landbrukssamvirke, Kari Redse Håskjold, Norsk Landbrukssamvirke/Nortura, Sue Carlson, leiar for kvinnekomiteen i WFO, avtroppande president i WFO, Robert Carlson, nestleder i Norges Bondelag, Kristin Ianssen, og Hildegunn Gjengedal.Leiaren for den svenske bonde- og samvirkeorganisasjonen (LRF) Helena Johnsson, illustrerte det  i sitt innlegg som eit timeglas. Nedst er det i Sverige 30.000 bønder. På toppen er alle forbrukarane. Mellom der er nokre få store aktørar i daglegvarehandelen. Då er bøndene sterkare viss vi står saman i samvirke gjennom verdikjeden.

Samvirka svekka i Sverige

I Sverige har nokre samvirke vore sterkt svekka dei siste åra, særleg for kjøt og egg. Men no er det på full fart oppover igjen gjennom etablering av nye, mindre samvirke.

- Historia gjentek seg. Vi står sterkare saman enn kvar for oss, seier Kristin Ianssen.

Noreg foreslo på møtet at det skulle opprettast ei arbeidsgruppe for matkjedeproblematikk. Forslaget vann ikkje igjennom, men styret skal ta spesielt tak i denne problemstillinga i året som kjem.

Langt å gå i kvinnekampen

WFO-generalforsamlinga vedtok denne gongen eit politikkdokument om kvinner i landbruket. Vegen er lang på verdsbasis for eit likestilt landbruk. Kvinnene gjer i dag nærar halvparten av arbeidet i landbruket i utviklingsland.

Likevel er berre 10-20% av jordeigarane i utviklingsland kvinner. Kvinner mottek berre 5% av all tilgjengeleg kreditt. FN-studiar viser at avlingane kunne ha auka med 20-30% om kvinner hadde hatt lik tilgang på produksjonsressursar som menn. Overtaking av garden om mannen skulle dø byr også på store utfordringar i mange land.

Kasta på dør av svigerforeldra

Alice Kachere frå Malawi rørte mange med si historie på generalforsamlinga om korleis ho måtte kjempe for å halde på garden då mannen døydde. Svigerforeldra kasta henne og dei tre borna på dør.

- Eg melde meg inn i bondelaget og kjempa meg tilbake til garden. Men då eg kom tilbake til landsbyen kalla dei meg prostituert, og når eg lukkast med garden vart eg kalla heks, fortalde Alice. Ho var leiar i det malawiske bondelaget fram til 2011.

Valgt inn som einaste kvinne

Kvinneandelen i WFO er heller ikkje noko å skryte av. Etter at Berit Hundåla gjekk ut av styret i fjor, var det ingen kvinner igjen. No er den kvinnelege leiaren for det zambesiske bondelaget valt inn. Kristin Ianssen peika i sitt innlegg på generalforsamlinga på at WFO må gjere ein betre jobb for å få opp kvinneandelen.

- Som foreldre veit vi at det er kva vi gjer og ikkje kva vi seier som er avgjerande, sa Ianssen. Det er ikkje tilstrekkelig med eit godt kvinnepolitisk dokument. Det er kva vi får til i praksis som tel, sa Ianssen.
Generalforsamlinga blir arrangert ein gong i året. Neste år blir generalforsamlinga i Milano.

- Det var mange spennande tema oppe på generalforsamlinga, men vel så viktig er det å treffe bønder frå ulike land og utveksle erfaringar, seier Kristin Ianssen.