Orienterte EU-bøndene om WFO
Berit Hundåla oppdaterte EU-bøndene og samvirka om utviklinga i World Farmers´ Organisation (WFO).
Hundåla er europeisk styrerepresentant inn i den nystarta verdsorganisasjonen for bønder og samvirke.
WFO vart stifta for eitt år sidan, etter at den førre verdsorganisasjonen, IFAP, gjekk konkurs. Hovudsetet er i Roma, og generalsekretæren byrja 1.mars. Det er no vel 30 medlemsorganisasjonar og fleire som er i ferd med å melde seg inn. Frå Noreg er både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke medlemmer.
Felles posisjonspapir
Nestleiar Berit Hundåla i Norges Bondelag representerter heile Europa inn i styret, og rapporterer ein gong i halvåret til EU-bøndenes bonde- og samvirkeorganisasjon, COPA-COGECA. Norges Bondelag har også teke ansvar for å utarbeide utkast til felles posisjonspapir for WFO på områda matsikkerheit, klima og matkjede. Det er desse sakene styret har prioritert å jobbe med fram mot generalforsamlinga i Roma 6.-8.juni.
Fyller eit tomrom
- WFO blir svært godt mottekne i det internasjonale miljøet. Det er heilt tydeleg at det er eit tomrom som vi har ei viktig oppgåve å fylle. Dei vil snakke med oss bøndene direkte, og ikkje gå gjennom mellommenn, sa Hundåla til EU-bøndene. Ho framheva også spesielt satsing landbruk og særleg kvinnelege bønder for å betre matsikkerheiten, bøndene som del av løysinga på klimautfordringane, og behovet for å styrke bonden og samvirka i verdikjeda for mat.
Ei spesiell stilling i FN
WFO har ei spesiell stilling i FN-systemet, og deltek mellom anna aktivt i prosessen fram mot toppmøtet i Rio om berekraftig utvikling. Representantar frå WFO har delteke i fleire møte sidan oppstarten knytt til tema som matsikkerheit, klima og utvikling. Hundåla deltok mellom anna på ein konferanse om klima og problemstillingar knytt til tilgang til vatn i Bonn, og eit seminar om handel i København.
- Det er hyggeleg å sjå kor godt mottekne vi blir, og kor stor interesse det er for å høyre bøndene si stemme gjennom organisasjonen, seier Berit Hundåla. – Det er tydeleg at vi trengs.