EL & IT Forbundet har sidan 23. september vore i streik. Bakgrunnen for streiken er konflikt med KS Bedrift om retten til kviledagar etter beredskapsvakter i energisektoren. Frå og med 24. oktober vart streiken trappa opp for andre gong, og forbundet tok ut alle medlemmane sine i streik frå måndag. 

Det betyr ikkje at heile kraftbransjen er i streik. Dette er ein konflikt mellom El & IT Forbundet og dei nettselskapa som er organisert gjennom KS Bedrift. Her kan du sjå eit oversyn over kva kraftselskap som har tilsette i streik.

Streiken i EL & IT Forbundet vil føre til at det kan ta lang tid før feil i straumnettet blir retta. Norges Bondelag har derfor tatt kontakt med El & IT-forbundet for å avklare deira praksis for dispensasjonar.  Det vil bli gitt dispensasjonar for husdyrproduksjon av omsyn til dyrevelferd. 

Dersom du opplever straumbrot skal du melde feil på vanleg måte til energiselskapet ditt. Det er viktig at du som er husdyrprodusent formidlar dette tydeleg til selskapet. Vidare søkjer selskapet forbundet om dispensasjon frå streiken og følgjer opp med vedlikehaldstiltak.