Gimming talte på vegne av World Farmers` Organisation på den årlege møte i komitéen for matsikkerheit (CFS) i Roma. Komitéen rapporterer til FNs generalforsamling og FNs matorgan (FAO) og er finansiert av FAO, Verdas matvareprogram og IFAD (det internasjonale fondet for landbruksutvikling). Alle regjeringar, inkludert den norske, har sete i CFS. I tillegg få sivilsamfunnet halde innlegg. Komitéen skal skape ein felles plattform for arbeidet med matsikkerheit og ernæring.

Tettare samarbeid ligg også inne i berekraftsmåla frå FN fram mot 2030. I berekraftsmål nr 17 står det at ein skal styrke mekanismane for implementering av måla, og fornye globale partnerskap for berekraftig utvikling.  - Vi treng sterkare og meir effektive måtar å samarbeide mellom ulike aktørar på, sa Gimming. Han trakk fram betydningen av samarbeidet mellom regjeringar, forskingsinstitutt, akademikarar, privat sektor, sivilsamfunnet og bønder, der bøndene har ei spesiell rolle.

- Vi bønder kjenner godt til dei komplekse samanhengane mellom matsikkerheit, underernæring, helse, klimaendringar og vern av naturressursar. Vi møter desse utfordringane i vårt daglege arbeid, sa Gimming.

Under den årlege CFS-veka legg også FAO fram sin rapport om statusen for mat og landbruk (SOFA). I år var temaet migrasjon. Les meir om rapporten her.

I same serien av rapportar finn ein også 2018-rapporten om status for matsikkerheit (SOFI). Den viser at talet på svoltne har gått opp dei siste tre åra. Klimaendringar og konflikt er hovudårsaker til denne utviklinga.