Open Gard 92 stader i landet

Publisert 25.06.2015
  • Tips en venn om denne siden

I løpet av sommaren og hausten blir det rekordmange Open Gard-arrangement rundt om i det ganske land.

- 92 arrangement er utruleg bra! Så mange har me ikkje hatt på mange år, seier ansvarleg for Open Gard i Norges Bondelag, Ole Ramshus Sælthun.

Arrangementa fordeler seg utover heile landet, i samtlege fylker. Særskild for nordtrønderar og vestfoldingar er det mykje å velja i – her går Open Gard av stabelen på høvesvis 12 og 11 plassar.

  • Les også:

Besøksrekord i fjor

I fjor besøkte om lag 70 000 nordmenn 75 opne gardar. Med vesentleg fleire arrangement i år, håpar Sælthun på enno fleire besøkjande.

- Besøkstala i fjor var veldig gode. Fint vêr på stort sett alle arrangementa hadde sitt å seia, og det er jo ein faktor me ikkje rår over. Men me er i alle fall glade for å kunne tilby så mange arrangement, seier han.

På Open Gard får born og vaksne helsa på dyr, delta på varierte aktivitetar som natursti, høyhopping og fuglekassesnikkering, eta god mat og mykje anna.

Sett av 23. august!

- Det er lokallaga i Norges Bondelag som arrangerer Open Gard, så arrangementa varierer stort når det kjem til kva aktivitetar dei har på programmet.  Artig og engasjerande er det i alle fall uansett kva arrangement ein besøkjer, seier Sælthun.

Fellesdatoen for Open Gard er søndag 23.august – om lag halvparten går av stabelen denne dagen. Øvrige arrangement spreier seg på helgene rundt, også utover i september. I tillegg arrangerer Øvre Folldal Bondelag i Hedmark 10.juli og Grimstad Bondelag i Aust-Agder 12.juli. Liste og kart over alle arrangement vil koma på bondelaget.no midt i juli.  

 

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere