Om kjøtt og klima

Publisert 16.01.2018
  • Tips en venn om denne siden

Kyr

Her finn du 10 fakta om kjøtt og klima, og om utslepp frå det norske landbruket.

1. Norsk jordbruk står for 8,5 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Utsleppa er redusert med 4,2 prosent sidan 1990. Dei største utsleppssektorane i Noreg er olje- og gassnæringa (28 prosent) og transportsektoren (30 prosent).

2. Kun ein liten del av jordbrukets utslepp stammar frå bruk av fossilt brennstoff. Mesteparten av utsleppa frå jordbruket er naturlege klimagassutslepp og frå biologiske prosessar, som kua når ho fordøyer maten sin og jorda når ho dyrkas. Klimagassutslepp frå biologiske prosessar er svært krevjande å redusere og Stortinget har derfor slått fast at utslepp frå fossile og biologiske prosessar ikkje kan behandlast på same måte i klimaarbeidet.

3. Noreg er blant dei fem landa i verda med lågast del av totalt landareal som kan brukast til matproduksjon. Det er berre tre prosent av det totale landarealet i Noreg som er dyrka mark, og 2/3 av dette arealet kan berre brukast til å dyrke gras.

4. Det er mest effektiv ressursutnytting å ete mat som ikkje har gått vegen gjennom eit husdyr. Men 2/3 av jordbruksarealet vårt berre kan brukast til å dyrke gras, og det kan ikkje menneske ete. Gras er viktig fôr for storfe og småfe. Husdyrproduksjon er den forma for matproduksjon vi i Noreg har dei beste naturgitte forholda for å drive dersom vi skal nytte heile produksjonsgrunnlaget på ein best mogleg måte.

5. Utsleppa frå norsk husdyrproduksjon er lågare enn det globale gjennomsnittet. FAO, FNs organisasjon for landbruk og berekraft, har rekna på gjennomsnittleg utsleppsintensitet per kilo slaktevekt for ulike dyreslag:

  • Storfe til kombinert mjølk- og kjøttproduksjon har gjennomsnittleg utsleppsintensitet på 46 kilo CO2-einingar per kilo slaktevekt. Forskarar har rekna ut at utsleppet i Noreg er 17 kilo CO2-ekvivalentar per kilo slaktevekt for ung okse og 22 kilo for kviger og eldre kyr.
  • Svin: Global gjennomsnittleg utesleppsintensitet er rekna ut å vere 6 kilo CO2-einingar per kilo slaktevekt. I Noreg er utsleppsintensiteten halvparten av dette.
  • Fjørfe: Global utsleppsintensitet er 5 kilo CO2-einigar per kilo slaktevekt på kylling og 4 kilo per kilo egg. I Noreg er utsleppsintensiteten for  kylling 2 kilo og for 1,5 kilo for egg.
  • Sau: Global gjennomsnittleg utsleppsintensitet er 24 kg CO2 einingar per kilo slaktevekt. I Noreg varierer utsleppsintensiteten for sau frå 16 til 26 kilo CO2-einingar per kilo slaktevekt.

6. Den norske kombinasjonskua, Norsk Rødt Fe, gir lågare utslepp per produserte einig enn det spesialiserte melkekyr gjer, fordi ho gir mjølk og kjøtt frå det same dyret. Gjennom 80 år med avlsarbeid er det også anndre kvalitetar ved NRF som bidrar til lågare klimautslepp. Kua er fruktbar, har god helse og ein effektiv produksjon. 

7. GENO som er ein norsk samvirkeorganisasjon som driv med avlsarbeid, har eit mål om å gjere NRF til den mest klimavennlege kua i verda.  Ved hjelp av ny teknologi i fjøset, skal GENO overvake kyra ned på individnivå, for å kunne byggje vidare avl på genane til dei kyra som har dei beste eigenskapane og dei lågaste metangassutsleppa.

8. Dyr på beite på innmark og utmark bidrar til biologisk mangfald. I dei områda der det gjennom generasjonar har vore dyr på beite, er det utvikla viktige miljø og habitat for biologisk  mangfald. Dette mangfaldet av gener, artar, naturtypar og landskapstypar utgjer robuste økosystem. Beiting bidrar også til å halde oppe kulturlandskapet og hindre attgroing.

9. I de nasjonale kostrådene gitt av Helsedirektoratet. Kostrådene er tydelige på at man trygt kan inkludere kjøtt som del av et ellers sunt og variert kosthold. Kjøtt er en næringsrik matvare som bidrar med mange viktige næringsstoffer i kostholdet, blant annet jern – et mineral som enkelte grupper i befolkningen får i seg for lite av. Norsk kjøttforbruk er moderat i vestlig sammenheng, og lavere enn i våre naboland. Gjennomsnittlig inntak av rødt kjøtt ligger så vidt over maksanbefalingen, men det er store individuelle forskjeller. Over halvparten av norske menn spiser mer enn anbefalt, og kan med fordel la grønnsakene få en større plass på tallerkenen. 2 av 3 kvinner spiser rødt kjøtt i tråd med eller lavere enn maksanbefalingen.

10. Berekraftig intensiviering er eit omgrep som FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har lansert. Det handlar om å produsere meir mat til ein folkesetnad som er i stor vekst, utan at utsleppa aukar. Den berekraftige intensiveringa av jordbruksproduksjonen må ta utgangspunkt i lokale føresetnader, men det handlar om:

  • Større avling per arealeneining
  • Større avling per eining vatn, i område der det er avgrensa tilgang på vatn
  • Større utbytte i husdyrproduksjon per fôrressurs
  • Minst mogleg miljøbelastning per einig produsert mat
  • Oppretthalde biologiske mangfald

Kjelder: SSB, Animalia og Geno

 

Fakkeltog og folkemøte mot regjeringas rovdyrforvaltning

Nyttårsaften overprøvde regjeringa rovviltnemndenes beslutning om å ta ut tre ulveflokker i ulvesona. Denne overkjøringa av rovviltnemdene må ta slutt, og Stortingets vedtak må følges! Den 22. januar sees vi på Bjørkelangen.

Grüne Woche (IGW) 2020: Rekruttering på dagsorden

BERLIN: Hvordan få flere unge til å velge en fremtid innen mat- og restaurantbransjen, og hvem vinner BU-prisen 2020? Det er noe av det som står på programmet i forbindelse med åpningen av IGW i Berlin.

Rekordmange påmeldte Øko2020

Norges første økologiske kongress har over 375 påmeldte. -Vi merker at stadig flere, spesielt unge, er opptatt av hvordan maten produseres, kortreist mat og økologisk landbruk, sier Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag.

Landbrukspodden Panengstuen

Landbrukspodden om framtida for Nortura

De siste årene har vært preget av svake resultater for Nortura. Høsten 2019 fikk samvirket ny sjef, og vi lurer på hva hun skal gjøre for å snu skuta?

Meld deg på Øko2020!

Hvordan kan landbruket bidra til en mer klimavennlig og bærekraftig framtid? Dette blir et sentralt spørsmål under den nasjonale kongressen om økologisk landbruk 21. og 22.januar.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere