Investeringsstøtte-naudsynt men ikkje tilstrekkeleg
-Poenget med investeringsstøtta i jordbruket må vere at investeringar faktisk kan gjennomførast – på det enkelte bruk, i heile landet – og med mest mogleg like vilkår.
-Poenget med investeringsstøtta i jordbruket må vere at investeringar faktisk kan gjennomførast – på det enkelte bruk, i heile landet – og med mest mogleg like vilkår for sakshandsaming og utløysing av midlane. Investeringar er eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. Men middelet må peike i retning av samfunnsmåla, understreka Bodhild Fjelltveit, 1.nestleiar i Norges Bondelag.
Ho innleidde slik på seminaret der AgriAnalyse la fram den nye rapporten «Investeringsutvikling i norsk jordbruk - regionale forskjeller og ulikheter mellom produksjoner»
Vil unngå uønskt sentralisering
Fjelltveit gjorde det klart at Bondelaget er oppteken av at investeringsstøtta ikkje skal drive fram endringar i produksjonsfordelinga i seg sjølv, eller forsterke ei uønskt sentralisering av jordbruket. I innlegget sitt løfta ho fram tre hovudpoeng:
-
Politikk verkar - og innretning betyr noko
-
Driftsøkonomien er fundamentet i norsk jordbruk
-
Resultatlikskap krev ulikskap i verkemiddelbruken
Innretning betyr noko
Fjelltveit viste til at Bondelaget har bidrege med å stramme inn føringane, særleg når det gjeld investering i samband med overgang frå bås- til lausdriftsfjøs i storfehaldet. Støtta er no målretta mot mindre og mellomstore fjøs, og med ei særskild innretting for dei tre nordnorske fylka.
Ho peikte også på at når ein brukar handlingsrommet i partnarskapa ute i fylka, der Bondelaget deltek, gjev det betre lokal målretting inn mot prioriteringane i jordbruksavtala.
Driftsøkonomien er avgjerande
Skal investeringar kunne gjennomførast, er driftsøkonomien fundamentet. Norsk jordbruk blir ikkje berga berre gjennom investeringsstøtte. Det er korkje mogleg elle ønskeleg. - Skal vi ha landbruk i heile landet og nå målet om auka sjølvforsyning, må investeringane la seg gjennomføre - på det enkelte bruk, i heile landet, slo ho fast. Offentlege tilskot er eit supplement – men for mange, særleg i distrikta, eit viktig supplement.
Ulike føresetnader krev ulike verkemiddel
Skal investeringar kunne gjennomførast, held det ikkje at ordningar finst. Vilkåra for å foreta lønsame investeringar varierer mellom landsdelane, og dei kan vere avgjerande for om ein bonde får realisert eit naudsynt prosjekt. Difor meiner Bondelaget at offentlege investeringsverkemiddel og -støtte er viktig for å jamne ut desse skilnadane så langt det let seg gjere. - Skal vi ha landbruk over heile landet og nå målet om auka sjølvforsyning, må investeringane faktisk la seg gjennomføre – på det enkelte bruk i heile landet, sa Fjelltveit
Press på fleire investeringsområde
Fjelltveit peikte på at den sterke prioriteringa av overgang til lausdrift, som både Bondelaget og dei andre avtalepartane har fokusert på i fleire år, kan fortrengje andre viktige investeringsbehov. - Det er eit dilemma, uttalte Fjelltveit i sitt innlegg.
Med skjerpa krav til dyrevelferd, gjødselhandtering, klima- og miljø, aukar investeringsbehovet breitt i heile næringa. Det gjer at balansen mellom midlar til investeringar og midlar til drift difor vert enno viktigare framover.
Meir enn pengar
vslutningsvis understreka Fjelltveit at investeringar handlar om meir enn pengar. - Det handlar om lønsemd i prosjekta, tempo og system, sa Fjelltveit, og peikte på fleire stikkord:
-
effektivisere sakshandsaminga og fjerne flaskehalsar i søknadssystemet
-
betre rådgjeving og kompetanse i planleggingsfasen
-
ta omsyn til at teknologi og innandørs mekanisering er dyrt og utgjer ein stadig større del av investeringane
-
for klima- og miljøinvesteringar treng landbruket tilgang til både innovasjon og hyllevareløysingar. Her må mellom anna Bionova og Enova spele saman.
-
nasjonale tilskotspottar kan vere føremålstenlege når noko er særskild viktig, og når ein må målrette verkemiddelbruken og pengane.
-Skal vi sikre matproduksjon over heile landet, må investeringar vere gjennomførlege og lønsame, ikkje berre på papiret, men i kvardagen til bonden, avslutta Fjelltveit med. Ho gjorde det klart at oppgåva framover blir å løfte både økonomien og systema som skal få investeringane til å skje i praksis.