På styremøte i Norges Bondelag 20. august vart det oppnemnt nye leiarar og fleire nye medlemmar til dei ulike fagutvala. Dette er rådgjevande organ for styret i saker som omhandlar dei ulike produsentane dei representerer.

Ny leiar i kornutvalet

Hans Edvard Torp frå Vestfold er oppnemnt som ny leiar i kornutvalet som gir styret i Norges Bondelag råd i saker som omhandlar kornprodusentane. Signe Ingeborg Melstøm Mellem frå Hedmark og Ole Hans Unelsrød frå Buskerud er nye medlemmar.

Miljø- og kvalitetsutvalet har også fått ny leiar. Det er Sigurd Enger frå Akershus. Jan Idar Haugen frå Rogaland og Frode Handeland frå Hordaland er oppnemnt som nye medlemmar. I tillegg er Anne Kristine Rossebø frå Hedmark attvalt som medlem. Arbeidsutvalet har fått fullmakt av styret til å oppnemne det siste medlemmet til utvalet.

Attval i grøntutvalet og Inn på tunet-utvalet

Thor Johannes Rogneby frå Oppland er attvalt som leiar i grøntutvalet. Grøntutvalet gir styret råd i saker som omhandlar interessene til potet-, grønnsak-, frukt- og bærprodusentane. Arbeidsområdet omfattar produksjon både på friland og i veksthus. Thorleif Müller og Kari Sigrun Lysne vart attvalt som medlemmar av utvalet. Sjå alle medlemmane i grøntutvalet her.

Alle medlemmane i Inn på tunet-utvalet som vart oppretta i 2012 stod også på val. Hege M. Lindstrøm Ericson frå Nord-Trøndelag er på nytt valt til leiar for utvalet. Det einaste nyvalte medlemmet er Asgeir Slåttnes frå Troms.Utvalet skal sikre dei faglege og næringspolitiske interessene til Inn på tunet-produsentane, og her finn du eit oversyn over alle medlemmane.