Roberto Azevedo tok over generaldirektørjobben i WTO 1.september 2013 etter Pascal Lamy, foto: WTO

Azevedo har mange års erfaring som Brasils ambassadør til Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Allereie før han tok til i stillinga besøkte han Noreg. Norges Bondelag deltok på møte med Azevedo. Der framheva Norges Bondelag kor viktig importvern og økonomisk støtte er for å kunne produsere mat til eige folk, og ba han ikkje gløyme dette i iveren etter å oppnå ei ny WTO-avtale.

 

- Eg har ikkje sjanse til å gløymde det, svarte Azevedo, og viste både til norske forhandlarar og andre pressgrupper som stadig minte han på temaet.

Handelsforenkling nærast

Forhandlingane om ei ny WTO-avtale har meir eller mindre lege brakk dei siste åra.

Azevedo uttrykte lita tru på at mykje ville skje på landbruksområdet på ministermøtet på Bali i desember 2013. Best an til å nå ei løysing ligg handelsforenkling (til dømes prosedyrar for grensepassering), tollkvoteadministrasjon og regelverk for å støtte offentlege matvarelager og matvarehjelp i utviklingsland. Eksportstøtte vil også kunne bli eit tema, men det blir vanskelegare å bli samde på dette området.

Bondelaget følgjer forhandlingane

Norges Bondelag følgjer forhandlingane tett, og vil m.a. delta på WTOs årlege forum 1.-3.oktober 2013. Der vil World Farmers Organisation (WFO) ha eit eige møte om handel. 

 

Mange land er no meir opptekne av bilaterale avtaler enn WTO-forhandlingane. Størst merksemd får forhandlingane mellom EU og USA om ei handels- og investeringsavtale. Dette kan også få konsekvensar for Noreg, gjennom standardisering av reglar for EØS-regelverk om mattryggleik, og auka importpress på den norske marknaden. Det kan i kjølvatnet av denne avtala på sikt også bli aktuelt for EFTA å inngå ei eiga avtale med USA. Dette vil kunne få svært alvorlege konsekvensar for norsk landbruk m.a. gjennom dramatiske kutt i tollvernet.