Generalsekretær Per Skorge og advokat Erlend Stabell Daling på dagens høyring i Næringskomiteen. Skjermdump fra stortinget.no

Næringskomiteen på Stortinget arrangerte i dag høyring om regjeringa sitt forslag om å oppheve priskontrollen ved omsetjing av landbrukseigedom.

- Ein velfungerande marknad er ikkje alltid lik ein fri marknad. Det er heller ikkje tilfelle i denne situasjonen, sa generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge då han presenterte Norges Bondelag si grunngjeving for å behalde priskontrollen.

- I strid med loven

Landbruks- og matdepartementet sende i desember 2013 eit forslag om å oppheve priskontrollen ut på høyring. Samtidig vart det sendt ut eit brev til kommunar og fylkeskommunar om ikkje å leggje vesentleg vekt på priskontrollen ved gardssal, sidan loven var planlagt endra.

- Det er ingen tvil om at brevet frå Landbruks- og matdepartementet 4. desember 2013 har skapt stor usikkerheit rundt om i landet. Føringane som vart lagt i brevet om ikkje å leggje vesentleg vekt på priskontrollen, er i strid med loven, sa Per Skorge.

- Høyr på kommunane

Norges Bondelag fryktar at ei oppheving av priskontrollen vil føre til at prisen på landbrukseigedom skyt i vêret og overskrid den produktive verdien på bruket, og at dette vil føre til at det blir vanskelegare for unge å kjøpe gard og at mykje landbrukseigedom vil bli spekulasjonsobjekt.

- Høyr på kommunane og dei andre høyringsinstansane, oppmoda Per Skorge i høyringa i Næringskomiteen i dag.
- Det kom inn 159 innspel i høyringsrunde. To av tre støttar ikkje forslaget om å svekke priskontrollen. Tre av fire kommunar, som er dei som handhevar loven, ønskjer å behalde han, sa Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.