Noreg har eit strengt regelverk for dyrevelferd samanlikna med andre land i Europa. Dei aller fleste husdyrprodusentar i Noreg driv i tråd med dette regelverket. Nye funn frå Mattilsynet viser at feil blir gjort. Årsmøtet i Norges Bondelag tar funna på alvor. Brot på regelverket er heilt uakseptabelt, og eit samla landbruk skal ta ansvar for god dyrevelferd. Næringa implementerer no dyrevelferdsprogram hos alle slaktegrisprodusentar. Dette skal betre tilhøva for dyra gjennom auka kompetanse, haldningsskapande arbeid og jamnlege besøk av veterinær. Det er rutinar for å følgje opp bønder som ikkje tar vare på dyrevelferda.

 Norske bønder skal produsere kvalitetsvarer og jobbe systematisk for god dyrevelferd.

Resolusjon frå årsmøtet i Norges Bondelag 2018.