- Norge har eit heilt unikt kulturlandskap. Saman med Romania er de på topp i Europa når det gjeld å ha store, intakte, samanhengande og stelte landskapstypar, fastslo den svenske professoren Urban (!) Emanuelsson, på landbruksmøtet i Oslo sentrum tysdag, arrangert av ein brei koalisjon av miljø- og landbruksorganisasjonar inklusive Norges Bondelag.

-Men landskapet er ikkje forma slik av seg sjølv, men som resultat av eit aktivt landbruk og busetjing gjennom generasjonar. Dette må de fortelje omverda enda meir om, slik at folk forstår kva som må til for å skape og vedlikehalde landskapet, som alle vert så imponerte av, sa Emanuelsson.

- Sogn overgår Spania

Eit av døma han viste var frå Indre Sogn, av landskapet kring Urnes stavkyrkje. Emanuelsson samanlikna Urnes med den kjente pilegrimsleia ved  Santiago de Compostela, og meinte grenda i Sogn overgår det spanske området som et autentisk, komplett og framleis skjøtta landskap.

Nå ringer varselklokkene, tendensane til attgroing aukar. -Eg har studert og forska på det norsk landskapet i snart 50 år og kan stadfeste dei endringane som skjer nå, sa Emanuelsson, og synte forsamlinga bildeprov på dei siste års illevarslande utvikling.

- De i Norge har eit særskilt ansvar for å ta vare på det vi har missa i Europa elles, sa han.

Breitt landbruksprogram

Møtet på Kulturhuset hadde eit breitt program. I tillegg til Urban Emanuelsson frå Sveriges Landbruksuniversitet, tok sosialmedisinar Steinar Westin opp problematikken med antibiotikaresistens, og dei utfordringane som monokultur, sentralisering og avregulert handel i landbruket fører med seg på dette området.

Ragnhild Duserud, kornbonde frå Eidsberg og nestleiar i NBU, fortalde om sin kvardag og dei utfordringane ho møter som nyslått bonde på heimgarden i Østfold, både praktisk og økonomisk.