Det siste året har folk verda rundt delteke i dialogar om korleis matsystema bør endrast for å nå FNs 17 berekraftsmål. Også i Noreg har det vore dialogar der Norges Bondelag har delteke. Det er samla inn over 2000 forslag til kva endringar som bør skje. Norges Bondelag har mellom anna vore med på innspel om å styrke bondens tilgang på såfrø og å innføre skulemat med lokale råvarer verda over. Dette er mellom forslaga som er tekne vidare.

Uvanleg prosess

Det er noko uklart korleis alle forslaga blir følgt opp. Heile prosessen har vore uvanleg og til dels kontroversiell, med mindre involvering av medlemslanda og meir av prosessane overlate til organisasjonar og privat næringsliv. På møtet som startar 15:00 norsk tid vil FNs generalsekretær halde eit innlegg og utvalde forslag vil bli lagt til møtet som kompendium. Ei rekke statsleiarar vil så halde korte innlegg, inkludert Erna Solberg.

– Trass i at det har vore ein uryddig og til dels kaotisk prosess er det viktig for oss å følgje møtet. Utfallet kan få konsekvensar for norske bønder og då må vi vere der, seier nestleiar Egil Chr Hoen som er bondelagets representant i den norske delegasjonen. 

Han deltok også digitalt på formøtet i Roma i sommar. Der heldt han innlegg i eit side-arrangement som fokuserte på å styrke bondens tilgang på såfrø, ved å trekke fram døme frå det norske systemet der Noreg gjennom Graminor har innflytelse på utvikling av tilpassa såkornsortar.

- Viss ein kan bruke toppmøtet til å samlast om positive endringar for bøndene som dette er det bra, seier Hoen.

Han peikar også på at Norges Bondelag har mange gode forslag i sin ferske berekraftsstrategi.

Innspel til ny regjering

No er det opp til statsleiarane og FNs matorganisasjonar å følgje opp forslaga vidare. Norges Bondelag har saman med Utviklingsfondet, Bygdekvinnelaget, Bygdeungdomslaget og Spire sendt innspel til den nye regjeringa om korleis matsystemtoppmøtet bør følgjast opp. Der ber organisasjonane m.a. om å styrke inntektene til bønder i Sør og Nord, auke landbruksbistand og rette den særleg mot kvinner, og styrke rekruttering av ungdom, styrke jordvernet og innføre skulemat basert på lokal produksjon. Brevet kan du lese her.

-– Vi har håp om at den nye regjeringa ser at ein ved å styrke landbruket og bygda i Nord og Sør og satse på kvinner og ungdom vil oppnå mange av berekraftsmåla som til dømes redusert svolt og ulikskap og skape arbeidsplassar og økonomisk vekst. Bøndene og bygda har også nøkkelen til reduserte klimautslepp. Vi er alt godt i gang, men bønder i både Nord og Sør treng finansiering frå staten for å få til gode og berekraftige investeringar, seier Hoen.