Digitalisering var eit hovudtema då nærare 70 bonde- og samvirketoppar frå Norden møttest til sitt årlege møte tidlegare i haust. I år var det såkalla presidiemøtet lagt til Tavastehus i Finland.

Eit felles opprop om digitalisering vart lagt fram på slutten av møtet. Dei nordiske bøndene og samvirka ynskjer digitaliseringa velkomen, og peikar på samvirka sine fordelar og viktige rolle som m.a eigar, innsamlar og brukar av digital informasjon. Ein ber styresmaktene legge til rette med IT-nettverk og breiband på bygda. Det blir også vist til risikoen ved digitalisering knytt til personvern og eigarskap til informasjon, der bondeorganisasjonane har ei viktig rolle saman med styresmaktene.

Finske meierisamvirke Valio, svenske kornsamvirke Lantmännen og norske Tine viste døme på korleis dei brukte digitaliseringa. Valio har t.d fleire web-teneste for mjølkeprodusentane som kvalitetsverkty, statistikk, web-butikk og diskusjonsforum. Lantmännen har eit digitalt arbeidsverkty kalla LM2, der bøndene m.a. kan få oversikt over sist innvegingar, kjøpe av reservedeler til maskiner og bestille fôr på mobilen.

- Digitaliseringa optimerer forretningsverksemda og prosessar, betrar produktiviteten og aukar dialogen med medlemmer og forbrukarar. Men den kan samtidig gi større kostnader, flytte fokus frå kjerneverksemda, og gjere at ein mister tilknytinga til verksemda, sa visepresidenten i Valio, Rauno Hiltunen.

Under møtet vart det også arrangert arbeidsgrupper om samanhengen mellom dyrehelse og menneskehelse (”One Health”), klima og miljø, unge bønder og organisasjonsspørsmål.