Nye og kostbare miljøkrav, samtidige med meir fokus på beredskap pregar landbruket i Norden. Medan svenske politikarar ikkje vil foreslå tiltak som reduserer landbruket, reknar ein med redusert produksjon som følgje av nye miljøkrav i Danmark.

Møtet var arrangert av den nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonen NBC som fyller 90 år i år. Formannskapet går på rundgang, denne perioden leiar Noreg organisasjonen. Rundt 65 representantar var samla i Reykjavik for å diskutere balanseringa mellom ulike sider ved berekraft.

Berekraft har vore i fokus lenge, men no byrjar også dei konkrete tiltaka å ta form. Det har dei fått merke i Danmark, der bondelaget Landbrug og Fødevarer siste halvåret har sitte i tøffe forhandlingar med staten om utforming av CO2-avgift og andre miljøtiltak.

- Vi er heilt imot avgift på biologiske utslepp, men måtte vere med i rommet når det fyrst var politisk bestemt og avgifta skulle utformast, sa leiaren for Landbrug og Fødevarer, Søren Søndergaard.

Resultatet som kom i juni vart ei CO2-avgift på 300 kr/tonn i 2030 som aukar til 750 kr/tonn i 2035. Klimavenlege bønder kan unngå avgifta ved å redusere utsleppa. Avtala inneber også andre miljøtiltak knytt til eksempelvis utslepp til vatn, gjenoppbygging av våtområde og skog, naturvern og biologisk mangfald. Det danske folketinget skal no behandle avtala.

Det er venta at avtala vil føre til ein reduksjon i landbruksproduksjonen på 5-10%.

- Ikkje aksept for redusert produksjon i Sverige

Men medan det i Danmark blir snakka om at landbruket tek for stor plass, har fokuset i Sverige dreia seg meir i retning beredskap.

- Tiltak som tek ned produksjonen vil ikkje bli politisk akseptert, sa leiar i det svenske bondelaget LRF, Palle Borgström.

Han peikar på at enkelte no meiner landbruket må bidra meir, men samtidig ser ein at andre sektorar ikkje klarer å levere på ambisjonane om å redusere utsleppa.

- Vi veit ikkje heilt kva vi har i vente. Nokon ser til Danmark, men meir for å skjøne enn å kopiere, seier Borgström, som peikar på at det er skogen som er mest i fokus i Sverige.

Også i Finland ventar dei på tiltak, men der er det også aukande fokus på naturrestaurering framover. Bondelagsleiar i Noreg, Bjørn Gimming, peika på betydninga av den norske klimaavtala mellom landbruksorganisasjonane og staten. Island planlegg også tiltak og ser til dei andre nordiske landa for inspirasjon. Der er det også sterk vektlegging av energiberedskap, noko leiaren for det islandske energibyrået snakka om på møtet. Ho peika på den unike situasjonen med tilgang på energi og rikeleg med vatn i Norden.

Alle vil ha produkt frå eige land

Samtidig som ein ser auka krav til bønder og industri, vil forbrukarane i alle dei nordiske landa ha produkt frå sine eigne land.

- Alle vil gjerne ha landbruksprodukt frå sitt eige land. Der har de gjort ein betre jobb enn oss, sa leiar Søren Søndergaard i Landbrug og Fødevarer, som viste til at dei importerer nesten halvparten av kjøtet som blir konsumert i Danmark.

I Sverige har det vore mykje fokus på innanlandsmarknaden.

- Forbrukaren vil ha svenske produkt og har høg tillit til svensk landbruk. Vi har brukt mykje tid på dette i det siste. Vi har meir fokus på matsikkerhet og beredskap. Bøndene er det beste forsvaret, seier vi, ifølgje Borgström.

Ungdommen med fokus på sosial berekraft

På møtet hadde ungdommen ein eigen bolk der dei valde å konsentrere seg om behovet for sosial berekraft. Gode ordningar for foreldrepermisjon, moglegheiter for avløysarar og eit sosialt liv utanfor arbeidet på garden var mellom tiltaka som vart trekte fram.

- Vi har meir fokus på fellesskap enn vi har hatt før, sa leiaren for det danske bygdeungdomslaget LandboUngdom, Niels Skovgaard, som kunne fortelje at dei har fått mange nye medlemmer siste året.

I Sverige har dei gjort undersøkingar mellom unge bønder som viser at mental helse, dårleg omdømme og byråkrati er mellom årsakene til at fleire ikkje vil ta over garden. I Finland har dei innført eigne avløysarordningar for ungdom, som har vore svært populært.

Uttale om matsikkerheit og berekraft

På slutten av møtet vedtok NBC ein uttale om behovet for ta omsyn til både økonomisk, sosial og miljømessig berekraft for å sikre tilgang på mat og sikre totalforsvaret i dei nordiske landa.

- Nordiske bønder og samvirke er klare til å bidra til å styrke matsikkerheit og beredskap i den nordiske regionen, og forventar at styresmaktene legg til rette økonomisk og politisk for matproduksjon som sikrar nok og trygg mat for det nordiske folket i eit langsiktig perspektiv, står det i uttalen som du kan lese HER.

Neste år er  NBC-møtet lagt til Noreg. Leiar Bjørn Gimming gler seg til å ta imot sine nordiske kollegaer på trehotellet i Brumunddal.

- Dette er ein viktig arena for å utveksle erfaringar mellom dei nordiske landa, seier Gimming.