Tradisjonelt har det vore store semje rundt kosthaldsråda. Vi er redde tilliten til råda blir svekka om ein ikkje gjer noko med prosessen rundt utforminga av nye råd, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.

Saman med andre nordiske bondeorganisasjonar har Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag og Norges Bygdeungdomslag denne veka sendt eit bekymringsbrev til Nordisk Ministerråd, som er bestillar for dei nye nordiske kosthaldsråda, forkorta NNR. Råda skal kome i juni neste år, og vil danne grunnlaget for dei nasjonale kosthaldsråda i dei nordiske landa.

Svak metode og unyansert om animalsk produksjon

Fornyinga av kosthaldsråda skjer rundt kvart 8.-10. år, og nytt no er at berekraft blir sterkare integrert i kosthaldsråda. Det blir no utarbeidd bakgrunnsartiklar om berekraft. Den fyrste artikkelen er allereie komen, og nummer to som skal sjå på berekraft i eit nordisk perspektiv er rett rundt hjørnet.

Dei nordiske bondeorganisasjonane meiner vurderingane rundt berekraft er svake metodisk og ubalansert når det gjeld animalsk produksjon. Oppdraget om å skrive om berekraft har NNR-komiteen gitt til den britiske tenketanken Chatham House utan ein utlysingsprosess, og forfattarane bak artikkelen argumenterer for eit radikalt skift i matsystemet og ekstrem reduksjon i animalsk produksjon.

Eit radikalt skifte i matsystema og kosthaldsråda vil ha store konsekvensar for matsikkerheit, sjølvforsyning, bruk av lokale ressursar, biodiversitet, økonomi og sysselsetjing i dei nordiske landa. Eit robust, objektivt og vitskapleg grunnlag burde ikkje utførast av ekspertar med sterke ideologiske overtydingar, heiter det i brevet.

Manglar breidda i berekraft

Artiklane så langt har heller ikkje teke med breidda av vurderinga innan berekraft. Fokuset så langt er på miljømessig og klimamessig berekraft, og dei positive effektane av animalsk produksjon, som til dømes frå beiting, så vel som busetjing og matsikkerheit er ikkje vektlagt.

Animalsk produksjon er heilt avgjerande for å få ein berekraftig matproduksjon i Norden med bruk av lokale ressursar tilpassa det nordiske kosthaldet gjennom generasjonar. 2/3 av jordbruksproduksjonen er basert på gras og husdyrproduksjon. Vi skal også auke sjølvforsyninga av frukt og grønt, men dette kan ikkje vege opp for fall i animalsk produksjon. Ein drastisk reduksjon i animalsk produksjonen vil gi meir import og dårlegare matsikkerheit og bruk av lokale ressursar, seier Bjørn Gimming.

Han håpar at Nordisk Ministerråd og norske ansvarlege politikarar no tek grep for å betre prosessen rundt arbeidet med nye kosthaldsråd.

Vi har tradisjonelt hatt stor tillit og lojalitet til kosthaldsråda. Difor ynskjer vi oss ein god prosess rundt utforminga som gir relevante og balanserte råd tilpassa ein berekraftig produksjon basert på lokale ressursar i Norden, seier Bjørn Gimming.