Hit til Inderøya kjem tillitsvalde i bondeorganisasjonar i heile Norden til helga. Det er duka for utvida presidiemøte i Nordiske Bondeorganisationers Centralråd (NBC), der både Norges Bondelag og landbrukssamvirka er medlemmer. Noreg avsluttar sitt toårige formannskap med storfest på Inderøya. Det er ikkje tilfeldig at ein har valt Inderøya i Nord-Trøndelag, også kalla Den gyldne omvei. Med si flotte plassering og aktive landbruksmiljø får dei nordiske bondeleiarane ei fin ramme for møtet sitt.

På programmet står mellom anna Nordens rolle, presentert av tidlegare finsk minister for nordisk samarbeid, Ole Norrback. Den svenske statsvitaren Ann-Cathrine Jungar skal snakke om samarbeid med populistiske parti, og handelspolitikk får som vanleg ein sentral plass på agendaen. Dei nordiske organisasjonane vil naturlegvis også oppdatere kvarandre på status for landbruket i sine respektive land.

Dei 70 deltakarane får også tid til gardsservering på Øyna, gardsbesøk hjå Per Magnus Værdal og hjå Gangstad Gårdsysteri, og ein visitt på Tine Verdal før dei vender nasen heim.