Nordiske bondeleiarar var nyleg samla til møte i Finland der maktforholda i matkjede var eit hovudtema. Frå venstre: Erna Bjarnadottir, rådgjevar i det islandske bondelaget, Nils Jørgen Pedersen, leiar Landbrug og Fødevare (Danmark),  Nils T.Bjørke, leiar Norges Bondelag, Helena Jonsson, leiar LRF (Sverige), Juha Martilla, leiar MTK (Finland), Martti Asunta, leiar Pellervo (Finland), og Holger Falck, leiar SLC (finlandssvensk Finland), foto: Hildegunn Gjengedal.Det framgår av ein felles uttale som vart lagt fram under det årlege møtet i Nordiska Bondeorganisationers Centralråd  (NBC).

Årets presidentmøte fann stad i Torneå i Finland. Hovudsak på møtet var bøndene si stilling i matvarekjeda, ei sak som opptek bøndene og samvirkeorganisasjonane i alle dei nordiske landa.

- Bøndenes svake marknadssituasjon, aukande konkurranse og detaljhandelens konsentrasjon er eit veksande problem i alle nordiske land, heiter det i fellesuttalen frå NBC. I uttalen blir det også peika på at medan bøndene må legge fram all informasjon, er andre deler av kjeda prega av uheldig hemmeleghald. Samvirkeorganisering blir peika på som viktig for å utjamne maktforholda.

- Uttalen og diskusjonen under møtet viser at bøndene i dei nordiske landa har mange av dei same utfordringane når det gjeld skeiv maktfordeling i verdikjeda for mat. Dette er ikkje eit særnorsk fenomen, seier leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke. Han deltok på møtet saman med nestleiarane Berit Hundåla og Brita Skallerud. Frå samvirkesida deltok styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke og Nortura, Sveinung Svebestad, og Ingunn Sognnes, styreleiar i Tine Vest.

Svenske styresmakter har siste året lagt fram ei utgreiing om maktforholda i matvarekjeda, Island utgreier også saka, og EU har ein eigen prosess gåande for å finne frivillige ordningar. Det har vist seg å ikkje fungere.

I Finland har konkurransestyresmaktene teke initiativ til eigne utgreiingar, og konkludert med at ikkje alt fungerer som det skal. I sin rapport frå i år påviste dei mellom anna at daglegvarekjedane utnyttar si sterke stilling på ein måte som er uheldig for ein sunn og fungerande konkurranse.

Internasjonaliseringa av samvirka og klimaendringar var også tema under møtet. Berit Hundåla orienterte om situasjonen i World Farmers´ Organisation, der ho er styremedlem på vegner av Europa.

Her kan du lese uttalen og meir om møtet.