- Landbruk har verkeleg vore ei av dei heitaste politiske sakene sidan.  Matvalet vart blått, og vi fekk ein svært krevjande politisk situasjon, sa avtroppande leiar Nils T. Bjørke til årsmøtet i Norges Bondelag i dag. Han nytta høvet til å takke organisasjonen og støttespelarar utanifrå for engasjementet og innsatsen i samband med brotet i jordbruksforhandlingane tidlegare i vår.

- Eg er imponert over alle bønder som klarer å sjå heilskapen i landbrukspolitikken, og talar fellesskapet si sak. No i vår er det stor kampvilje i organisasjonen og full oppslutning om Bondelaget si line, sa Nils T. Bjørke.

Landbrukspolitikk blir vedtatt i Stortinget

- Regjeringa må i framtidige jordbruksoppgjer ta inn over seg at den landbrukspolitikken dei står for, ikkje har fleirtal på Stortinget, sa Bjørke, og understreka at forhandlingane mellom staten og regjeringa skal skje på grunnlag av den landbrukspolitikken som er vedtatt av Stortinget, sist gjennom Landbruksmeldinga i 2012.

- Det er svært viktig for framtidige forhandlingar at Stortinget ikkje aksepterte statens tilbod utan endringar. Stortinget sitt mål og føringar skal vere grunnlaget for framtidige forhandlingar, sa Bjørke.

- Landbrukspolitikk er eit verdival

I sin siste leiartale til årsmøtet i Norges Bondelag nytta Nils T. Bjørke høvet til å snakke om framtidsbonden og norsk landbruk fram mot 2030..

- Eg meiner tida no er inne for å klargjere framtidsvisjonane våre enda tydlegare. Seie klårt kva som er Norges Bondelag sitt mål for næringa. Vi må arbeide for å få brei tilslutning til våre mål for landbruket og norsk matproduksjon. Og vi må arbeide for å få politisk gjennomslag for verkemidla for å nå målet, sa Bjørke i sin tale til årsmøtet.

- Det handlar om korleis maten vår skal bli laga i framtida. Det handlar om korleis Norge skal sjå ut. Verdivalet står mellom regjeringa sin politikk der ein går i retning av større einingar i sentrale strok, eller å vidareutvikle eit variert landbruk og nytte areala over heile landet.

Sterk og samla organisasjon

Bjørke avslutta talen med å takke for seg etter fem år som leiar og eitt år som nestleiar i Norges Bondelag.
- Valresultatet hausten 2013 har gjort dette arbeidsåret ulikt dei andre åra i mi tid som leiar. Det vart eit utfordrande år, med mange utspel som lett kunne ha splitta organisasjonen. Men vi står samla, og vi står sterkt, sa avtroppande leiar Nils T. Bjørke til applaus frå årsmøtet i Norges Bondelag.

Last ned heile talen til leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke.